Job 3NO1978NN

1Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin.

2Han tok til ords og sa:

3Bort med den dagen ¬då eg vart fødd, den natta då det vart sagt: «Ein gut er avla.»

4Gjev den dagen ¬vart stummande mørk! Gjev Gud i det høge ¬ikkje spurde etter han og ljosstrålar aldri skein på han.

5Gjev kolmørker kravde han, gjev skyer la seg over han og solmørking skræmde han.

6Gjev tjukke mørkret ¬tok den natta, så ho ikkje fekk rom ¬mellom årsens dagar og ikkje kom med ¬i månadstalet.

7Ja, gjev den natta ¬vart utan frukt og aldri vart helsa med jubel.

8Lat dei lysa forbanning ¬over henne, dei som manar fram ¬ulukkedagar, og som kan eggja opp Leviatan.

9Lat hennar morgonstjerner ¬mørkjast, lat henne venta på ljos ¬som ikkje kjem, lat henne aldri sjå ¬morgonrodens strålar!

10For ho stengde ikkje ¬morslivs dører for meg og løynde ikkje møde og strev ¬for mitt syn.

11Kvifor fekk eg ikkje døy ¬då eg vart fødd, kvifor slokna eg ikkje ¬i fødestunda?

12Kvifor tok dei meg på fanget og la meg til brystet ¬så eg fekk mat?

13No kunne eg ha lege still og sove i fred og ro

14saman med kongar ¬og styresmenn som bygde seg slott ¬der det no er ruinar,

15eller med stormenn ¬som åtte gull, og fylte husa sine med sølv.

16Eller eg hadde ikkje vore til, som eit nedgrave foster, lik born ¬som aldri såg dagsens ljos.

17Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir, der kviler dei ¬som har mist si kraft.

18Alle fangar kan ta det med ro, dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa.

19Der er små og store like, og trælen er fri frå herren sin.

20Kvi gjev han ljos ¬til den som lid, kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva?

21Dei ventar fåfengt på døden og søkjer han med større iver enn ein grev ¬etter løynde skattar.

22Dei ville gleda seg og jubla, ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav.

23Dei er folk som ingen utveg ser, Gud har stengt kvar stigen ¬for dei.

24Mine sukkar ¬har vorte mitt daglege brød, mine klagerop strøymer ¬som vatn.

25Dei redsler som eg fælte for, ¬har råka meg, no hender det eg grua for.

26Eg får ikkje fred, ¬ikkje ro og kvile, det kjem berre nye plager.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.