Job 18NO1978NN

1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2Kor lenge vil de velja ¬så varsame ord? Tenk dykk om, ¬så skal vi talast ved!

3Kvifor skal vi reknast som fe? Trur de at vi er ureine?

4Du som riv deg sund i vreide, skal jorda øydast for di skuld og fjellet flyttast frå sin stad?

5Ljoset sloknar for den gudlause, det logar ingen eld på hans åre.

6Ljoset i teltet hans går ut, og lampa sloknar for han.

7Hans sterke steg vert hindra, han fell for sin eigen plan.

8Hans føter vert fanga i garnet, og han går i nettet.

9Snara grip han om hælen, rennelykkja held han fast.

10Garnet han går i, ¬er løynt på jorda, snara ligg på hans veg.

11Redsler skræmer på alle kantar, dei jagar han ¬kvar han set sin fot.

12Ulukka hungrar etter han, undergang står ferdig ¬attmed han.

13Hans hud tærest bort ¬stykke for stykke, ein drepande sjukdom ¬et hans lemer.

14Han vert riven ut or ¬sitt trygge telt; du fører han bort ¬til redselskongen.

15Andre kan bu ¬i det teltet han åtte, svovel vert strøytt ¬på hans bustad.

16Nede i jorda turkar hans røter, og ovantil visnar hans greiner.

17Hans minne kjem bort ¬frå landet, ingen nemner hans namn ¬på gata.

18Dei støyter han frå ljoset ¬og ut i mørkret, dei jagar han ut or verda.

19Han har ikkje born, ingen etterkomar i sitt folk; der han budde, ¬slapp ingen unna.

20Dei støkk til i vest ¬når dei ser hans lagnad, og i aust vert dei gripne ¬av redsle.

21Ja, så går det ¬med nidings bustad, med heimen til den ¬som ikkje kjenner Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.