1Då tok Job til ords og sa:
2Eg har høyrt nok av dette; brysame trøystarar er de alle.
3Vert det aldri slutt på tome ord? Kva er det ¬som eggjar deg til å svara?
4Eg kunne vel òg ha tala som de, om de hadde vore i min stad. Då kunne eg halde fine talar og rist på hovudet av dykk.
5Men eg ville ha styrkt dykk ¬med min tale og ikkje spart på milde ord.
6Om eg tala, skulle det ikkje ¬vanta på medynk, og han tok ikkje slutt ¬om eg heldt opp.
7Men no har Gud ¬gjort meg kraftlaus! Du øydde ut alle ¬som høyrde meg til.
8Du tok tak i meg, ¬og det vitna imot meg; min sjukdom stod fram ¬og klaga meg.
9I vreide og fiendskap ¬riv han meg sund, han skjer tenner mot meg. Mine fiendar kvesser augo
10og spilar opp gapet mot meg, dei slår meg hånleg på kinnet og rottar seg saman mot meg.
11Gud har gjeve meg ¬vonde menn i vald, han har kasta meg ¬i hendene på nidingar.
12Eg levde i fred, ¬då riste han meg, tok meg i nakken ¬og knuste meg. Han sette meg opp ¬til skyteskive,
13hans piler kom mot meg ¬frå alle kantar. Nådelaust kløyvde han ¬nyrene mine, han lét min galle renna til jorda.
14Flengje på flengje ¬reiv han i meg og storma mot meg ¬som ein krigar.
15Syrgjeplagg har eg sytt ¬om min kropp og bøygt meg audmjukt i støvet.
16Andletet mitt er raudt av gråt og augneloka svarte,
17endå hendene ikkje er merkte ¬av udåd, og bøna mi er rein.
18Å, jord, du må ikkje gøyma ¬mitt blod, lat aldri mitt klagerop stilna!
19Eg har då mitt vitne ¬i himmelen, ein som talar mi sak i det høge.
20Venene mine spottar meg, gråtande vender eg augo ¬til Gud.
21Gjev han må la mennesket ¬få rett hjå Gud og avgjera striden mellom ¬mannen og hans neste!
22For det er ikkje mange år ¬før eg fer den vegen ¬som aldri fører attende.