Job 1NO1978NN

1I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann, som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var.

2Job fekk sju søner og tre døtrer.

3Han åtte sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Ei mengd med trælar hadde han òg. Han var den mektigaste mannen i landet der aust.

4Sønene til Job hadde for skikk å halda gjestebod på omgang hjå kvarandre. Då sende dei bod til dei tre systrene sine og bad dei koma og eta og drikka saman med dei.

5Når så ein omgang med gjestebodsdagar var til ende, sende Job bod etter dei og gjorde soning for dei. Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: «Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta.» Dette gjorde Job kvar gong.

6Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.

7«Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan.

8Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.»

9Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud?

10Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet.

11Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»

12Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.

13Ein dag medan sønene og døtrene sat og åt og drakk vin heime hjå den eldste broren,

14kom det ein bodberar til Job og sa: «Best oksane gjekk for plogen, og eselhoppene beitte tett attmed,

15kom det nokre sabearar og tok dei, og gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

16Medan han endå tala, kom ein annan og sa: «Guds eld fór ned frå himmelen, råka både sauene og gutane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

17Medan han endå tala, kom den tredje og sa: «Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

18Medan han endå tala, kom den fjerde og sa: «Sønene og døtrene dine sat og åt og drakk heime hjå den eldste broren.

19Då kom det brått ein sterk storm borte frå øydemarka. Han tok tak i alle fire novene på huset, så det seig i hop over ungdomane og drap dei. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

20Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klypte av seg håret. Han kasta seg ned, bøygde seg med andletet mot jorda

21og sa: «Naken kom eg frå mors liv, naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok, Herrens namn vere lova!»

22Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job og kom ikkje med eit vondt ord mot Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.