Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Jeremiah 9

:
Norwegian - NO1978NN
1 Å, om hovudet mitt ¬var vatn og auga mitt ei tårekjelde! ville eg gråta dag og natt over dei falne i folket mitt.
2 Å, om eg fann nattelivd for ferdafolk i øydemarka! ville eg skiljast ¬med folket mitt og bort frå dei. For dei er alle ¬ekteskapsbrytarar, ein flokk av trulause menn.
3 Dei spenner tunga ¬som ein boge. Ikkje ærleg vis, ¬men med lygn har dei vorte herrar i landet. Dei går frå vondskap ¬til vondskap, og meg kjenner dei ikkje, lyder ordet frå Herren.
4 Akta dykk for kvarandre, lit ikkje eingong ein bror! Bror fer med list mot bror, ven går rundt og baktalar ven.
5 Dei svik kvarandre, og ingen talar sanning. Dei har vant si tunge ¬til å tala lygn, dei ber seg ille åt ¬og vil ikkje venda om.
6 Vald fylgjer vald ¬og svik svik, og meg vil dei ikkje ¬kjennast ved, lyder ordet frå Herren.
7 Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud: Eg vil smelta dei og prøva dei. Kva kan eg elles gjera ¬for folket mitt?
8 Tunga deira er ei drepande pil, i munnen har dei ¬svikefulle ord. Dei talar venleg til nesten sin, men i tankane set dei feller ¬for han.
9 Skulle eg ikkje straffa dei ¬for slikt? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg slikt eit folk?
10 Eg set i med gråt ¬og klage over fjella, set i med klagesong ¬over beita steppa. Dei er avsvidde, ¬så ingen ferdast der; det høyrest ingen ¬rautande buskap. Både fuglane under himmelen ¬og dyra marka har rømt og er borte.
11 Eg gjer Jerusalem ¬til ei steinrøys, ein tilhaldsstad for sjakalar. Byane i Juda gjer eg til ei audn, der ingen kan bu.
12 Kven er vis ¬at han skjønar dette og kan kunngjera ¬det Herren har tala til han? Kvifor er landet lagt i øyde, avsvidt som ei øydemark, ingen ferdast der?
13 Herren svara: Fordi dei svikta mi lov, som eg la fram for dei, fordi dei ikkje lydde meg og ikkje levde etter lova,
14 men fylgde sitt harde hjarta og heldt seg til Ba’al-gudane, som fedrane deira ¬hadde lært dei.
15 Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eg lèt dette folket eta malurt og drikka giftig vatn.
16 Eg spreier dei ¬mellom folkeslag som korkje dei ¬eller deira fedra kjende, og sender sverdet etter dei til eg får gjort ende dei.
17 seier Herren, Allhærs Gud: Gjev akt! ¬Send bod klagekonene, dei kjem hit! Kall dei kunnige konene!
18 Lat dei skunda seg og koma og syngja klagesong over oss, til augo våre fyllest av gråt, og tårene dryp frå augneloka.
19 Høyr, klageropet lyder ¬frå Sion: «Å, kor vi er herja! Djupt vi skjemmast, for vi bort frå landet, sidan dei har lagt våre heimar ¬i grus.»
20 Ja, kvinner, høyr Herrens ord, lat øyra opp for ordet han talar! Lær døtrene dykkar ¬klagesongar, og lær kvarandre syrgjesongar:
21 «Døden steig inn ¬gjennom vindaugo og trengde inn i borgene våre. Han reiv småborn bort frå gata og unge menn frå torga.»
22 Tal såleis, seier Herren: Lik av menneske skal liggja som gjødsel ut over marka, som kornband ¬etter skurdfolket, og ingen samlar dei opp.
23 seier Herren: Den vise skal ikkje rosa seg ¬av visdomen sin, den sterke ikkje av styrken sin og den rike ikkje ¬av rikdomen sin.
24 Men den som rosar seg, skal rosa seg av dette: at han har vit og kjenner meg, veit at eg er Herren, som ¬syner miskunn og gjer rett og rettferd jorda. For slikt har eg hugnad i, lyder ordet frå Herren.
25 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, eg vil heimsøkja alle desse som er omskorne:
26 Egypt, Juda, Edom, Ammon, Moab og alle som bur i øydemarka og har kortklypt hår ved tinningen. For alle dei andre folka er uomskorne kroppen, men heile Israels-ætta er uomskoren hjarta.