Jeremiah 52NO1978NN

1Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

2Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort.

3Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn. Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.

4Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.

5Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia.

6Den niande dagen i den fjerde månaden det året, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat,

7braut fienden inn i byen. Alle stridsmennene rømde og tok ut frå byen om natta, endå kaldearane låg rundt ikring han. Dei fór gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, og tok vegen mot Jordan-dalen.

8Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.

9Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen, som felte domen over han.

10Babylonarkongen drap sønene til Sidkia medan faren såg på. Sameleis drap han alle hovdingane i Juda der i Ribla.

11Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon. Der vart han halden fengsla til sin døyande dag.

12Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste tenestemennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.

13Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.

14Og kaldearhæren som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.

15Så førte Nebusaradan bort nokre av dei ringaste i folket og dei som elles var att i byen, dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og dei siste av handverkarane.

16Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.

17Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia.

18Dei tok oskefata, eldskuflene og ljosesaksene, offerskålene, røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta.

19Livvakthovdingen tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, ljosestakane, røykjelsesskålene og drikkofferskålene.

20I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, havet og dei tolv bronseoksane som var under det, og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast.

21Den eine søyla var atten alner høg og tolv alner i omkrins. Ho var fire fingrar tjukk og hol.

22Ho hadde eit søylehovud av bronse, som var fem alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Såleis var den andre søyla òg.

23Nittiseks granateple hang fritt; i alt var det hundre granateple ikring på flettverket.

24Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane.

25Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, sju av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen.

26Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla.

27Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.

28Dette er talet på dei som Nebukadnesar førte bort: i det sjuande styringsåret 3 023 frå Juda

29og i det attande året 832 frå Jerusalem.

30I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvakthovdingen, bort 745 judearar. Til saman var det 4 600 personar.

31I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuefemte dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet.

32Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon.

33Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde.

34Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå babylonarkongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 52.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.