1Dette er Herrens ord som kom til Jeremia den gongen turken herja:
2Juda syrgjer, ¬byane er bortvisna. Dei bøyer seg til jorda i sorg, klagerop stig opp ¬frå Jerusalem.
3Stormennene i byen sender sine tenarar etter vatn. Men når dei kjem til brunnane, finn dei ikkje vatn. Dei kjem att med tome spann, skjemde og vonbrotne ¬dekkjer dei hovudet.
4Jorda rivnar fordi det ikkje kjem regn ¬i landet, difor dekkjer bøndene ¬hovudet i skam.
5Jamvel hinda utpå marka går ifrå sin nyfødde kalv fordi det ikkje finst ¬eit grønt strå.
6På snaue høgder står villesel og syp etter anden ¬som sjakalar; augo deira er sløve og matte fordi det ikkje finst gras.
7Om våre misgjerningar ¬vitnar mot oss, så grip likevel inn ¬for ditt namn skuld, Herre! Gong på gong har vi falle frå og synda mot deg.
8Herre, du som er Israels von og frelsar i trengselstid, kvifor er du ¬som ein gjest i landet, lik ein ferdamann ¬som berre stoggar for ei natt?
9Kvifor er du ¬som ein rådvill mann, lik ein krigar ¬som ikkje kan hjelpa? Du er då midt imellom oss, ¬Herre, ditt namn er nemnt over oss. Så gå ikkje frå oss!
10Så seier Herren ¬om dette folket: Dei likar å flakka ikring og sparer ikkje føtene sine. Men Herren har ikkje ¬hugnad i dei. No vil han koma ¬deira misgjerning i hug og straffa dei for deira synder.
11Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå dette folket vel!
12Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. Nei, med sverd og svolt og pest vil eg gjera ende på dei.
13Då svara eg: Men, Herre Gud, profetane seier då til dei: «De skal ikkje få kjenna sverd og ikkje koma ut for svolt, for eg vil gje dykk sann fred og tryggleik på denne staden.»
14Men Herren sa til meg: Lygn spår desse profetane i mitt namn. Ikkje har eg sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Falske syner, gagnlause spådomar og svikefulle påfunn er det dei ber fram for dykk.
15Difor seier eg, Herren, om dei profetane som spår i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, og som seier at det ikkje skal koma sverd og svolt her i landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetane.
16Og folket som dei spår for, skal liggja slengt ikring på gatene i Jerusalem, tynt av svolt og sverd. Dei skal ikkje koma i grav, korkje dei sjølve eller konene, sønene og døtrene deira. Såleis renner eg deira eigen vondskap ut over dei.
17Dette ordet skal du tala til dei: Tårene renn frå augo mine natt og dag, utan opphald. For folket mitt, ¬den unge dotter, har falle heilt i hop og fått eit ulækjande sår.
18Går eg ut på marka, ser eg folk ¬som er drepne av sverd, og kjem eg inn i byen, ser eg dei som pinest av svolt. Jamvel profetar og prestar må fara til eit land ¬dei ikkje kjenner.
19Har du reint støytt Juda ¬frå deg, kjenner du berre motvilje ¬mot Sion? Kvifor har du elles slege oss så det ikkje finst helsebot ¬for oss? Vi har vona på fred og lukke, men det kjem ikkje noko godt; vi har venta ei tid ¬med lækjedom, men sjå, det er redsle som rår.
20Vi kjenner vår vondskap, ¬Herre, og misgjerninga åt våre fedrar, for vi har synda mot deg.
21For ditt namn skuld, ¬støyt oss ikkje bort, og lat ikkje vanære koma over din herlegdoms kongsstol. Kom i hug di pakt med oss ¬og bryt henne ikkje!
22Kan andre folks gagnlause ¬gudar senda regn, eller kan himmelen sjølv ¬gje væte? Er det ikkje du, Herre, ¬som gjer det? Vi ventar på deg, vår Gud, for du har skapt alt dette.