1Dei rettferdige ¬går til grunne, og ingen bryr seg om det. Gode menn vert rivne bort, men ingen ansar det. Ja, av vondskap ¬vert dei bortrivne,
2dei som ferdast i fred. No kviler dei i sine graver, dei som gjekk den rette vegen.
3Men kom hit, ¬de trollkvinnesøner, du ætt av horkar og skjøkje!
4Kven har de til låtteløye? Kven geipar de til ¬og retter tunge mot? Er det ikkje synda ¬som driv dykk, er ikkje de ei lygnar-ætt?
5De brenn av lyst ¬mellom eiketrea og under kvart lauvrikt tre, de slaktar born i dalane, i skorter og skar.
6Dei håle steinane nede i dalen er den lut du har valt. Du renner ut drikkoffer for dei og ber fram offergåver. Skulle eg finna meg i det?
7På eit høgt og mektig fjell stelte du til di lege. Der steig du opp og bar fram slaktoffer.
8Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn. Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege, du la deg ned og gjorde plass. Så tinga du med nokre av dei som du elskar å liggja med, og du såg dei nakne.
9Du drog til Melek med olje og hadde med deg mykje salve. Du sende dine bodberarar ¬langt av stad, lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket.
10Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring, men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.» Du samla nye krefter, difor gav du ikkje opp.
11Kven var du så redd ¬og skjelven for, sidan du fór med lygn? Du kom ikkje lenger meg i hug og brydde deg ikkje om meg. Fordi eg tagde i lange tider, hadde du ikkje age for meg.
12Eg vil fortelja om di rettferd og om dine gjerningar; dei gagnar deg ikkje.
13Lat dine avgudar berga deg når du skrik! Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp, ein vind skal føykja dei bort. Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landet og ta mitt heilage fjell i eige.
14Det lydde eit ord: Bygg, ja bygg og ryd ein veg! Ta bort kvar støytestein frå vegen åt mitt folk!
15Så seier han ¬som er høgt opphøgd, han som tronar evig ¬og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust ¬og nedbøygd i ånda. Eg vekkjer ånda til liv ¬hjå dei bøygde og hjarta til liv hjå dei knuste.
16For eg vil ikkje evig ¬føra klagemål og ikkje alltid vera harm. Elles kom deira ånd til å missa si kraft for mitt åsyn, deira livsande ¬som eg har skapt.
17Fordi Israel ¬hadde slik syndig lyst, vart eg harm og slo dei; så løynde eg meg i min vreide. Men dei vende seg bort og valde ein veg ¬etter eigen hug.
18Eg såg dei vegar dei gjekk, men no vil eg lækja og leia dei og gje dei ei rikeleg trøyst. Og dei som syrgde over dei,
19på deira lipper legg eg lovsong. Så gjev eg fred ¬til den som er nær, og fred ¬til den som er langt borte. Eg vil lækja dei, seier Herren.
20Men dei gudlause ¬er som det bårande havet; det kan aldri falla til ro, og bylgjene rotar opp ¬gjørme og skit.
21Dei gudlause har ingen fred, seier Herren.