Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 55

:
Norwegian - NO1978NN
1 Å, alle de tyrste, ¬kom og vatn! Og de som ikkje har pengar, ¬kom! Kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!
2 Kvi gjev de ut pengar for det som ikkje er brød, og dykkar arbeidsløn for det som ikkje kan metta? Å, høyr meg! skal de eta ¬det som godt er, og gleda dykk over feite retter!
3 Vend øyra hit og kom til meg, høyr, skal de leva! gjer eg med dykk ei ¬evig pakt og syner dykk trufast ¬mi miskunn, som eg gjorde mot David.
4 Han sette eg til eit vitne ¬for folk, til hovding og fyrste ¬for folkeslag.
5 Ja, du skal kalla folk ¬du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg; for Israels Heilage, ¬Herren din Gud, har gjeve deg ære og ¬herlegdom.
6 Søk Herren ¬medan han er å finna, kall han ¬den stund han er nær!
7 Den gudlause venda seg ¬frå sin veg og ugjerningsmannen ¬frå sine tankar og snu om til Herren, skal han visa miskunn, til vår Gud, for han er rik tilgjeving.
8 For mine tankar ¬er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje ¬mine vegar, seier Herren.
9 Nei, høg som himmelen ¬er over jorda, er mine vegar ¬høgare enn dykkar vegar og mine tankar ¬høgare enn dykkar tankar.
10 Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft ¬og grøde, ja, gjeve såkorn ¬til den som skal så, og brød til den som skal eta,
11 er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake ¬til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender ¬det til.
12 Ja, med glede skal de dra ut og førast lukkeleg fram. Fjell og haugar skal møta dykk med jubelrop, og alle tre marka skal klappa i hendene.
13 I staden for klunger skal det veksa sypressar, og myrt i staden for nesler. Det skal vera til ære for Herren, eit evig teikn som aldri skal strykast ut.