Isaiah 29NO1978NN

1Usæl Ariel, Ariel, byen der David slo leir! Legg berre år til år, lat høgtider koma og gå!

2Eg vil føra trengsle over Ariel – då vert det sorg og sut, og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel.

3Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg, kasta opp vollar ikring deg og reisa skansar mot deg.

4Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda, mulla fram dine ord frå støvet. Di røyst skal stiga ¬som daudingmål, dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.

5Men så vert flokken ¬av dine fiendar som fint støv og hopen av valdsmenn ¬som fykande agner. Brått, i ein augneblink,

6kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud, med bulder og brak ¬og veldig døn, med vindkast, ¬storm og øydande eld.

7Som ein draum, ¬som eit syn om natta, vert dei borte, ¬dei mange folkeslag som strider mot Ariel, som går til åtak ¬på byen og borga og fører trengsle over han.

8Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymer og tykkjer at han får mat: Når han vaknar, ¬er han like svolten. Det går som når ¬den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk; han vaknar maktlaus og tyrst. Så går det ¬med dei mange folkeslag som strider mot Sion-fjellet.

9Stir på kvarandre, ¬fulle av undring, lat augo klinast att, ¬og ver blinde! Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin, og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!

10For Herren har rent ut ¬over dykk ei ånd som valdar tung svevn. Han har late att augo dykkar ¬– profetane, og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.

11Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»

12Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»

13Herren sa: Fordi dette folket held seg nær til meg ¬med munnen og ærar meg med lippene, medan hjarta er langt borte ¬frå meg, og fordi deira age for meg er menneskebod ¬som dei har lært seg,

14difor vil eg framleis ¬fara underleg fram, underleg og underfullt ¬mot dette folket. Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgå og klokskapen ¬åt dei kloke kverva.

15Ve dei som nede i det djupe løyner for Herren ¬det dei har føre! Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkret og seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?»

16Kor bakvendt de tenkjer! Skal ikkje krusmakaren aktast høgare enn leira? Kan verket seia ¬om handverkaren: «Han har ikkje laga meg,» og kjeraldet om krusmakaren: «Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?

17No er det berre ei lita stund, så skal Libanon ¬verta ein frukthage, og det som no er frukthage, skal reknast for skog.

18Den dagen skal dei døve høyra ord som står skrivne i bok, og ut or mørker og dimme skal blinde augo sjå.

19Dei hjelpelause skal atter gleda seg i Herren, og dei fattige skal jubla over Israels Heilage.

20For borte er valdsmannen, ute er det med spottaren, og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,

21dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige, la snarer for den ¬som hevda retten på tinget, og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.

22Difor, så seier Herren, han som er Gud for Jakobs ætt, han som fria ut Abraham: No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar, hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir.

23For når han ¬og borna hans får sjå det mine hender ¬har gjort imellom dei, då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt, dei skal helga Jakobs Heilage og ottast Israels Gud.

24Dei som fer vilt i sine tankar, skal læra skjøn, og dei som murrar, skal få visdom.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.