Isaiah 15NO1978NN

1Domsord mot Moab. Å, på ei natt ¬vart Ar-Moab herja og gjekk til grunne. Ja, på ei natt ¬vart Kir-Moab herja og gjekk til grunne.

2Folket i Dibon ¬går opp til templet, til offerhaugane og vil gråta. Moabittane held klage fordi Nebo og Medeba er tapte. Kvart hovud er snauklypt, alt skjegg er avraka.

3I gatene går dei ¬med syrgjeplagg, på tak og torg jamrar dei alle, medan tårene renn.

4Folket i Hesjbon ¬og El’ale klagar, heilt til Jahas høyrest deira rop. Difor jamrar Moabs krigsmenn, dei skjelv og misser motet.

5Mitt hjarta klagar over Moab. Dei som rømer der, ¬kjem til Soar og til Eglat-Sjelisjia. Ja, oppetter bakken til Luhit går folk og græt. På vegen til Horonajim klagar dei høgt ¬over samanbrotet.

6For Nimrim-vatnet ¬vert ei øydemark; gras og groe turkar bort, det er ikkje meir noko grønt.

7Difor tek dei det som er att av det dei har samla, og fører det over Seljebekken.

8Ja, klageropet lyder rundt om i Moab-landet; jammerskriket når til Eglajim og til Be’er-Elim.

9For i Dimon ¬er vatnet fullt av blod. Men endå meir ulukke ¬sender eg mot Dimon: løver mot dei ¬som slapp unna frå Moab, og mot dei som er att i landet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.