Isaiah 13NO1978NN

1Domsord mot Babel, som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn:

2Reis samlingsmerket ¬på snaue fjellet, og rop til folket med høg røyst! Veifta med handa ¬at dei kan dra inn gjennom portane ¬åt dei gjæve menn!

3Eg har kalla inn ¬mine vigsla menn, har samla mine stolte, ¬jublande stridsmenn, som skal tena meg ¬i min vreide.

4Høyr ståket bortover fjella som av ein veldig hop! Høyr larmen av kongerike, av folkeslag som samlar seg! Det er Herren, Allhærs Gud, som mønstrar sin hær.

5Dei kjem frå eit land ¬langt borte, frå den ytste himmelrand, Herren og dei folk ¬han vil bruka når han i sin harme legg heile jorda i øyde.

6Set i med klagerop, for Herrens dag er nær. Han kjem med øydelegging frå Den Allmektige.

7Difor sig alle hender, kvart menneske misser motet.

8Dei vert gripne av redsle. Ve og verk kjem over dei, dei vrid seg ¬som ei fødande kvinne. Mållause stirer dei ¬på kvarandre, eldraude er dei i andletet.

9Sjå, full av gru er Herrens dag, han kjem med harme ¬og brennande vreide. Han skal gjera jorda aud og rydja ut syndarane der.

10For stjernene og stjernebileta ¬på himmelen lèt ikkje ljoset sitt skina. Mørk er sola når ho renn, og månen lyser ikkje.

11Eg vil straffa jorda ¬for hennar vondskap og dei gudlause ¬for deira misgjerning. Eg gjer ende ¬på dei store og stolte og bøyer hovmodige ¬valdsmenn.

12Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull, menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir.

13Difor skjek eg himmelen, og jorda skjelv ¬så ho kjem av lage, fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm den dagen vreiden hans brenn.

14Liksom skræmde gasellar, lik sauer som ingen samlar, skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk, og røma, kvar til sitt land.

15Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast, og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd.

16Småborna deira skal knusast beint framfor augo på dei; husa deira skal plyndrast og kvinnene takast med vald.

17Sjå, eg eggjar medarane ¬mot dei, eit folk som ikkje bryr seg ¬om sølv og ikkje trår etter gull.

18Med boge feller dei ¬unge menn, dei sparer ikkje fosteret ¬i mors liv og har ikkje medkjensle ¬med born.

19Med Babel, ¬krona mellom kongerike, den stolte kaldear-prydnaden, skal det gå som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde.

20Aldri meir skal byen byggjast, frå ætt til ætt skal ingen bu der. Der skal ingen beduin ¬slå opp sitt telt og ingen gjætar la dyra kvila.

21Men ørkendyr skal liggja der og husa fyllast av ugler. Der skal strutsar halda til og raggetroll hoppa ikring.

22Ville hundar skal yla i borgene og sjakalar i vellyst-slotta. No stundar byens time til, han har ikkje mange dagar att.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.