Isaiah 11NO1978NN

1Ein kvist skal renna ¬or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp ¬frå hans røter.

2Herrens Ande ¬skal kvila over han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap ¬om Herren og age for han.

3Han skal ha sin hugnad ¬i age for Herren. Han skal ikkje døma ¬etter det han ser, og ikkje skifta rett ¬etter det han høyrer.

4Han skal døma armingar ¬med rettferd, fella rettvis dom ¬for dei verjelause i landet. Han skal slå valdsmenn ¬med riset i sin munn og drepa dei gudlause ¬med anden frå sine lipper.

5Rettferd skal vera ¬beltet om livet og truskap ¬beltet om hoftene hans.

6Då skal ulven bu saman ¬med lammet, og leoparden liggja i lag ¬med kjeet. Kalv og ungløve ¬skal beita saman, og ein smågut skal gjæta dei.

7Ku og bjørn skal gå og beita, ungane deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm ¬som oksen.

8Spedbarnet skal leika ¬innmed hola åt hoggormen, og veslebarnet skal retta ut ¬si hand mot bolet åt eiterormen.

9Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagn på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt ¬av kunnskap om Herren, liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

10Den dagen skal folkeslag søkja til renningen or Isais rot. Han skal stå som eit ¬samlingsmerke for folka, og bustaden hans skal vera full ¬av herlegdom.

11Då skal Herren endå ein gong retta ut si hand og vinna att den resten som er leivd ¬av folket hans, frå Assur, Egypt, Patros ¬og Nubia, frå Elam, Sinear, Hamat ¬og havstrendene.

12Han skal reisa ei fane for folka, samla dei bortdrivne av Israel og føra det spreidde ¬Juda-folket heim att ¬frå verdsens fire hjørne.

13Då skal Efraims avund kverva og Judas fiendskap verta ¬utrudd. Efraim skal ikkje misunna Juda og Juda ikkje visa fiendskap ¬mot Efraim.

14Dei slår ned ¬på filistar-skråninga i vest, og saman plyndrar dei ¬stammene i aust. Dei legg si hand ¬på Edom og Moab, og ammonittane må lyda dei.

15Då skal Herren turka ut havbukta ved Egypt og svinga si hand over Eufrat, kløyva elva ¬med sin sterke storm så ho vert til sju bekker, der folk kan gå turrskodde ¬over.

16For resten av Herrens folk som vert berga frå Assur, skal det vera ein jamn veg som det var for israelittane den dagen dei drog ut ¬or Egypt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.