1Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det.
2For jamvel det ordet som vart tala gjennom englar, stod fast, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff.
3Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.
4Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje.
5Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om.
6Om dette er det ein som har vitna ein stad: Kva er eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug, ein menneskeson, ¬sidan du tek deg av han?
7Ei lita stund sette du han lågare ¬enn englane. Så krona du han ¬med herlegdom og ære.
8Alt la du under hans føter. Når det står: «Alt la du under han», då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han.
9Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.
10For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar.
11Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør.
12Han seier: Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør, midt i lyden ¬vil eg lovsyngja deg.
13Og like eins: Eg vil setja mi lit til han. Og endå ein stad: Sjå, her er eg og dei born ¬Gud har gjeve meg.
14Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen,
15og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv.
16For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av.
17Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket.
18Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista.