Haggai 2NO1978NN

1Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så:

2Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket:

3Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut?

4Men no, ver frimodig og sterk, ¬Serubabel! lyder ordet frå Herren. Ver frimodig, ¬Josva Jehosadaksson, du øvsteprest! Ver frimodig, ¬alt folket i landet! lyder ordet frå Herren. Gå og arbeid, ¬for eg er med dykk! lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

5Den lovnaden gav eg dykk då de drog ut or Egypt. Og min Ande ¬bur imellom dykk. Ver ikkje redde!

6For så seier Herren, ¬Allhærs Gud: Endå ein gong, ¬om ei lita stund, vil eg skaka himmel og jord, havet og det turre land.

7Eg skjek alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Og eg fyller dette huset ¬med herlegdom, seier Herren, Allhærs Gud.

8Sølvet er mitt, og gullet er mitt, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

9Dette nye huset skal verta herlegare enn det førre, seier Herren, Allhærs Gud. På denne staden vil eg gje fred, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

10Den 24. dagen i den niande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai, og det lydde så:

11Så seier Herren, Allhærs Gud: Spør kva prestane lærer om dette:

12«Om nokon ber heilagt kjøt i kappesnippen, og snippen kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller anna etande, vert då dette heilagt?» Prestane svara nei.

13Så spurde Haggai: «Men om ein har vorte urein av lik og så kjem nær noko av dette, vert det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det vert ureint.»

14Då tok Haggai til ords og sa: Såleis er det òg med desse menneska og dette folket i mine augo, lyder ordet frå Herren; og såleis er det med alt det dei gjer, og med det dei ofrar der; det er ureint.

15Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel,

16korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue.

17Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren.

18Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til

19om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt. Frå i dag vil eg velsigna.

20Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den 24. dagen i same månaden, og det lydde så:

21Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda: Eg vil skaka himmel og jord.

22Eg vil støyta ned kongsstolar og gjera ende ¬på mektige kongerike mellom folkeslaga. Eg vil øydeleggja ¬stridsvognene og dei som køyrer dei. Hestar og hestfolk skal stupa; den eine skal falla ¬for sverdet åt den andre.

23Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, vil eg ta deg, Serubabel Sjealtielsson, min tenar – lyder ordet frå Herren – og gjera deg til ein seglring; for deg har eg valt ut, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Haggai 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.