Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Genesis 6

:
Norwegian - NO1978NN
1 Menneska tok til å aukast jorda, og dei fekk døtrer.
2 Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.
3 sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»
4 den tid, og sidan òg, var det kjemper jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne.
5 Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang.
6 angra Herren at han hadde skapt menneska jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt.
7 Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.»
8 Men Noah fann nåde hjå Herren.
9 Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde den tid. Han ferdast med Gud.
10 Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet.
11 Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett.
12 Gud såg jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk vonde vegar.
13 sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjera ende kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda.
14 Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes.
15 Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg.
16 Eit tak skal du leggja arka. Bruk alnemål når du arbeider med det! Set ei dør den eine sida, og bygg arka i tre høgder!
17 No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever jorda, skal døy.
18 Men med deg vil eg gjera ei pakt. Du skal inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg.
19 Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal det vera.
20 Eitt par av kvart slag skal koma inn til deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr marka, dei kan berga livet.
21 Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal vera til føde for deg og for dei.»
22 Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt.