1Så tok Israel ut med alt det han hadde. Då han kom til Be’er-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans.
2Då tala Gud til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og Israel svara: «Ja, her er eg.»
3Så sa han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje redd for å fara til Egypt; for der vil eg gjera deg til eit stort folk!
4Eg skal sjølv fara med deg dit ned, og eg skal føra deg opp att òg. Og Josef skal leggja att augo dine.»
5Så tok Jakob ut frå Be’er-Sjeba. Israels-sønene sette faren og borna og konene sine opp i dei vognene farao hadde sendt til å henta han i.
6Dei tok med seg buskapen sin og godset dei hadde samla i Kanaan. Og så kom dei til Egypt, Jakob og heile hans ætt med han.
7Sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene, heile si ætt, hadde han med seg til Egypt.
8Dette er namna på israelittane, Jakob og etterkomarane hans, som kom til Egypt: Ruben, eldste son til Jakob,
9og sønene til Ruben: Hanok, Pallu, Hesron og Karmi;
10sønene til Simeon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaanearkvinne;
11sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari;
12sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul;
13sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron;
14sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jakle’el.
15Dette var sønene til Lea, dei ho fekk med Jakob i Mesopotamia. Og så fekk ho dottera Dina. I alt var det 33 søner og døtrer.
16Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli;
17sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, og så Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel.
18Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Ho fekk dei med Jakob, og dei var 16 i talet.
19Sønene til Rakel, kona hans Jakob, var Josef og Benjamin.
20I Egypt fekk Josef søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. Det var Manasse og Efraim.
21Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Na’aman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard.
22Dette var sønene til Rakel, som ho fekk med Jakob. Dei var 14 i talet.
23Son til Dan: Husjim;
24sønene til Naftali: Jakse’el, Guni, Jeser og Sjillem.
25Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Ho fekk dei med Jakob, og dei var 7 i talet.
26Dei som kom med Jakob til Egypt, og som var ætta frå han, var 66 i alt, forutan sonekonene hans.
27Og sønene til Josef, som han fekk i Egypt, var to. Alle som kom til Egypt av Jakobs-ætta, var 70 i talet.
28Jakob sende Juda føre seg til Josef; han skulle visa veg til Gosen. Då dei kom dit,
29lét Josef setja føre vogna si og fór til Gosen, til møtes med Israel, far sin. Med det same han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han. Han gret lenge, med armane kring halsen hans.
30Då sa Israel til Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg har sett deg i andletet og veit at du enno er i live.»
31Josef sa til brørne sine og til farsfolket sitt: No fer eg til farao og fortel han dette. Eg vil seia til han: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kanaan, har kome hit til meg.
32Desse mennene er gjætarar, dei har alltid drive med feal. Og no har dei teke med seg småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig.
33Når så farao kallar dykk til seg og spør: «Kva har de til leveveg?»
34skal de svara: «Tenarane dine har drive med feal frå ungdomen og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen. For alle gjætarar er ein styggedom for egyptarane.