Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 40

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen.
2 vart farao harm dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren.
3 Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange.
4 Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid.
5 Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining.
6 Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det dei at dei var i ulag.
7 tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de sturne i dag?»
8 Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!»
9 fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg klårt eit vintre framfor meg.
10 Det var tre greiner det, og snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer.
11 Eg heldt staupet åt farao i handa. tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.»
12 sa Josef: «Dette er å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.
13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, du var skjenkjaren hans.
14 Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, eg kan koma ut or dette huset!
15 For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.»
16 bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød hovudet.
17 I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga hovudet mitt.»
18 Josef svara: «Dette er å tyda: Dei tre korgene er tre dagar.
19 Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.»
20 Tredje dagen det var fødselsdagen til farao heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine.
21 Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, han fekk retta staupet til farao,
22 og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt han tydde draumane deira.
23 Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir Josef; han gløymde han.