Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 38

:
Norwegian - NO1978NN
1 den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.
2 Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne.
3 Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er.
4 vart ho med barn att og fekk ein son; han kalla ho Onan.
5 Sidan fekk ho endå ein son og kalla han Sjela. han vart fødd, var Juda i Kesib.
6 Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar.
7 Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det at han døydde.
8 sa Juda til Onan: «Ta enkja etter bror din heim til deg og gift deg med henne, du held oppe ætta åt bror din!»
9 Men Onan visste at borna ikkje skulle vera hans. Når han låg med kona til bror sin, lét han sæden spillast jorda, broren ikkje skulle etterkomarar.
10 Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens augo, og han laga det at han òg døydde.
11 sa Juda til Tamar, sonekona si: «No du sitja enkje i huset åt far din til Sjela, son min, er vaksen.» For han tenkte: «Kanskje han òg kjem til å døy liksom brørne hans.» fór Tamar heim att og budde hjå far sin.
12 Lang tid etter døydde dotter til Sjua, kona hans Juda. Og syrgjetida var ute, gjekk Juda opp til Timna, til dei som klypte sauene hans, og venen hans, Hira frå Adullam, var med han.
13 Tamar fekk vita at verfar hennar var veg opp til Timna og skulle klyppa sauene sine.
14 la ho av seg enkjebunaden og tok seg eit slør, som ho sveipte vel om seg. sette ho seg attmed inngangen til Enajim, vegen til Timna. For ho såg at Sjela var vaksen no, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.
15 Juda fekk auga henne, tenkte han det var ei skjøkje; for ho hadde sveipt til andletet.
16 tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?»
17 Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av buskapen min.» sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!»
18 «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglringen og snora, og staven som du har i handa.» Det gav han henne. fekk han liggja med henne, og ho vart med barn.
19 Ho stod opp og gjekk sin veg. la ho av seg sløret og tok seg enkjebunaden.
20 Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.
21 spurde han folket der staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.»
22 gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.»
23 sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, vi ikkje får skam av dette! Eg har sendt kjeet, men du fann henne ikkje.»
24 Om lag tre månader etter kom dei og sa til Juda: «Tamar, sonekona di, har drive hor og er med barn.» sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»
25 Men dei førte henne ut, sende ho bod til verfar sin: «Den mannen som eig desse tinga, han er far til barnet mitt. Sjå etter kven det er som eig denne seglringen og snora og staven!» sa ho.
26 Juda hadde sett det, sa han: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje late henne Sjela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.
27 det leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar.
28 Og med det same ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein raud tråd og batt kring handa hans og sa: «Denne kom fyrst.»
29 Men drog han handa attende, og bror hans kom fram. sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres.
30 kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.