Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 31

:
Norwegian - NO1978NN
1 Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Han har teke alt det far vår åtte. Og av det som far vår åtte, har han lagt seg til all denne rikdomen.»
2 Jakob såg andletet åt Laban at han ikkje var den same mot han som før.
3 sa Herren til Jakob: «Far attende til landet åt fedrane dine og til folket ditt, og eg skal vera med deg.»
4 sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut marka, der han var med buskapen sin.
5 Han sa til dei: Eg ser andletet åt far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud åt far min har vore med meg.
6 De veit sjølve at eg har tent far dykkar godt eg kunne.
7 Og har han svike meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud lét han ikkje gjera meg noko vondt.
8 Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di,» fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete skal du ha i løn,» fekk heile buskapen stripete ungar.
9 Såleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.
10 den tid småfeet para seg, hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som sprang småfeet, var stripete, flekkete og droplete.
11 Og Guds engel sa til meg i draumen: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.»
12 sa han: «Sjå no fram for deg, skal du sjå at alle bukkane som spring småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett korleis Laban fer åt mot deg.
13 Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein og gav meg ein lovnad. Gjer deg no ferdig og far ut or dette landet og attende til heimlandet ditt!»
14 tok Rakel og Lea til ords og sa til han: «Har vi enno arv og lut i huset åt far vår?
15 Har han ikkje rekna oss for framande? Han har selt oss og sjølv øydt opp det han fekk for oss.
16 Ja, all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud har sagt til deg!»
17 gjorde Jakob seg ferdig og sette borna og konene sine opp kamelane.
18 Han tok med seg heile buskapen sin, det feet han hadde fått seg i Mesopotamia, og alt godset han hadde samla. No ville han fara til Isak, far sin, i Kanaan.
19 Medan Laban var borte og klypte sauene sine, stal Rakel husgudane åt far sin.
20 Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje eit ord om at han ville fara sin veg.
21 Han rømde med alt det han åtte. Han gav seg vegen, sette over Eufrat og tok leia mot Gilead-fjellet.
22 Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.
23 tok han med seg frendane sine, sette etter han sju dagsleier og nådde han att Gilead-fjellet.
24 Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Ta deg i vare du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!»
25 Laban nådde att Jakob, hadde han sett opp teltet sitt fjellet, og Laban og frendane hans sette òg opp telt Gilead-fjellet.
26 Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført bort døtrene mine som om dei var hærtekne.
27 Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du det ikkje til meg, eg kunne fylgt deg vegen med glederop og song, med handtromme og lyre?
28 Du lét meg ikkje eingong kyssa sønene og døtrene mine. Dette var uklokt gjort av deg.
29 Det står i mi makt å skada dykk. Men Gud åt far dykkar sa til meg i natt: Ta deg i vare du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!
30 Men når du no har teke ut, fordi du lengta etter farsætta di, kvifor stal du husgudane mine?»
31 tok Jakob til ords og sa til Laban: «Eg var redd. For eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt.
32 Men den du finn husgudane dine hjå, skal missa livet. Sjå no etter kva eg har med meg, medan frendane våre er til stades, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei.
33 Laban gjekk inn i teltet åt Jakob og telta åt Lea og dei to trælkvinnene, men fann ikkje noko. gjekk han ut or teltet hennar Lea og inn i teltet til Rakel.
34 Rakel hadde teke husgudane, lagt dei i kamelsalen og sett seg dei. Laban leita i heile teltet, men fann ingen ting.
35 sa Rakel til far sin: «Herren min ikkje ta det ille opp at eg ikkje kan reisa meg for han. For eg har det som kvinner stundom plar ha det.» leita han, men fann ikkje husgudane.
36 vart Jakob harm og kom med klagemål mot Laban. Han tok til ords og sa til han: «Kva vondt har eg gjort? Kva er mi synd, sidan du forfylgjer meg såleis?
37 Alt det eg eig, har du ransaka. Kva fann du som høyrer til i huset ditt? Legg det fram her for mine og dine frendar, dei kan døma mellom oss to.
38 No har eg vore hjå deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri kasta. Og verane i buskapen din har eg ikkje ete opp.
39 Eg kom ikkje til deg med ihelrivne dyr, men bøtte sjølv skaden. Når noko var stole, kravde du skadebot av meg, anten det hadde hendt om dagen eller om natta.
40 Om dagen vart eg plaga av hete og om natta av kulde; eg fekk ikkje svevn augo.
41 I tjue år har eg vore i huset ditt. Fjorten år tente eg for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt; og ti gonger endra du løna mi.
42 Hadde ikkje Gud åt far min vore med meg, Abrahams Gud og Isaks Redsle, hadde du visseleg no sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og mitt strev, og i natt har han felt sin dom.»
43 tok Laban til ords og sa til Jakob: «Døtrene er mine, borna er mine, og buskapen er min. Alt det du ser, er mitt. Kva kunne eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?
44 Kom no, lat oss gjera ei pakt med einannan! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»
45 tok Jakob ein stein og reiste han til ein minnestein.
46 Og han sa til frendane sine: «Sanka i hop stein!» tok dei steinar og laga ei røys; og dei heldt måltid der attmed røysa.
47 Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.
48 Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed
49 og Mispa, for han sa: «Herren skal vakta meg og deg, når vi ikkje ser einannan lenger.
50 Fer du ille med døtrene mine, eller tek du deg andre koner attåt dei, skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg, om det ikkje er eit menneske til stades.»
51 sa Laban til Jakob: «Sjå, denne steinrøysa og minnesteinen har eg reist mellom meg og deg!
52 Både røysa og steinen skal vera vitne at eg ikkje fer framom dei til deg, og at du ikkje kjem framom dei til meg det som vondt er.
53 Abrahams Gud og Nakors Gud, han som var Gud åt far deira, skal døma mellom oss.» svor Jakob ved Redsla åt Isak, far sin.
54 Og Jakob ofra eit slaktoffer fjellet og bad frendane sine til måltid. Dei åt og var fjellet den natta.
55 Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. fór han heim att.