Genesis 28NO1978NN

1Då kalla Isak Jakob til seg, velsigna han og sa til han: «Du skal ikkje ta deg ei kone mellom kvinnene i Kanaan!

2Gjer deg ferdig og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone mellom døtrene til Laban, morbror din.

3Måtte Gud Den Allmektige velsigna deg og la ætta di veksa og aukast, så du vert til ei samling med ætter.

4Måtte han gje både deg og ætta di velsigninga åt Abraham, så du kan ta i eige det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham.»

5Så bad Isak farvel med Jakob, og han fór til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramearen, som var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.

6Esau fekk vita at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Mesopotamia for å henta seg ei kone der, og at han hadde velsigna han og sagt at han ikkje skulle ta seg ei kone mellom kvinnene i Kanaan.

7Og Jakob hadde lydt far sin og mor si og fare til Mesopotamia.

8Då Esau skjøna at Isak, far hans, ikkje lika dei kanaaneiske kvinnene,

9gjekk han til Ismael og tok Mahalat til kone attåt dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.

10Jakob tok ut frå Be’er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan.

11Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova.

12Då hadde Jakob ein draum. Han såg ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned i stigen.

13Brått stod Herren framfor han og sa: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Det landet du ligg i, vil eg gje deg og ætta di.

14Ætta di skal verta som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle ætter på jorda velsignast.

15Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du fer, og føra deg attende til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»

16Då Jakob vakna or svevnen, sa han: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!»

17Og han vart forfærd og sa: «Kor ageleg han er, denne staden! Her er Guds hus, her er porten til himmelen.»

18Morgonen etter stod Jakob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt attom hovudet, reiste han til ein minnestein og slo olje på han.

19Han kalla staden Betel. Før heitte byen Lus.

20Så gav Jakob denne lovnaden: «Vil Gud vera med meg og verna meg på denne ferda, vil han gje meg brød å eta og klede til å ha på meg,

21og la meg koma vel heim att til farshuset mitt, så skal Herren vera min Gud.

22Denne steinen som eg har reist til ein minnestein, skal vera eit Guds hus; og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Genesis 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.