Genesis 20NO1978NN

1Så flytte Abraham til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan heldt han til i Gerar.

2Han sa om Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, folk av stad og henta Sara.

3Men om natta kom Gud til Abimelek i ein draum og sa til han: «No skal du døy, fordi du har teke denne kvinna; for ho er ei gift kone.»

4Abimelek, som ikkje hadde vore nær henne, sa: «Herre, vil du då drepa rettferdige folk?

5Sa han ikkje til meg at ho er syster hans? Og sjølv har ho sagt at han er bror hennar. Med skuldlaust hjarta og reine hender har eg gjort dette.»

6Då sa Gud til han i draumen: «Ja, eg veit at du har gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg som heldt deg frå å synda mot meg; difor lét eg deg ikkje røra henne.

7Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»

8Tidleg om morgonen kalla Abimelek til seg alle mennene sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene livande redde.

9Så sende Abimelek bod etter Abraham og sa til han: «Kva er det du har gjort mot oss? Og kva vondt har eg gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over meg og riket mitt? Du har fare åt mot meg som ingen bør gjera.»

10Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?»

11Abraham svara: «Eg tenkte: Det finst visst ingen age for Gud på denne staden; dei kjem til å slå meg i hel for kona skuld.

12Og så er ho då syster mi; ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi. Og ho vart kona mi.

13Då Gud lét meg fara ikring langt borte frå farshuset mitt, sa eg til henne: Såleis skal du syna din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»

14Så tok Abimelek både småfe og storfe og trælar og trælkvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.

15Abimelek sa: «Her ligg landet mitt framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»

16Og til Sara sa han: «Sjå, eg gjev bror din tusen sekel sølv. Det skal vera ei ærebot for deg mellom alle som er saman med deg, og dermed får du full oppreising.»

17Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og trælkvinnene hans, så dei kunne få born att.

18For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek etter det som hende med Sara, kona hans Abraham.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Genesis 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.