1Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær.
2Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette.
3Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte.
4Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte. På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen,
5fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka.
6Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka.
7Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.
8Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt.
9Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.
10Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner.
11Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull.
12Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol.
13Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia.
14Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
15Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen.
16Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen.
17Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»
18Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.»
19Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita.
20Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.
21Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt.
22Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han.
23Då sa mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kvinne, for ho er teken av ein mann.»
24Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.
25Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje.