Genesis 13NO1978NN

1Så fór Abram frå Egypt opp til Negev med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han.

2Abram var no svært rik, både på fe og på sølv og gull.

3Frå Negev fór Abram dagslei etter dagslei til dess han kom til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai.

4Der hadde han førre gongen bygt eit altar, og der kalla han på Herrens namn.

5Lot, som fylgdest med Abram, hadde òg småfe og storfe og telt.

6Men landet kunne ikkje fø dei når dei var i lag; dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman.

7Så vart det trette mellom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Kanaanearane og perisittane budde den gongen i landet.

8Då sa Abram til Lot: «Kjære, lat det ikkje vera trette mellom meg og deg og mellom mine gjætarar og dine! Vi er då frendar.

9Ligg ikkje heile landet framføre deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, skal eg ta til høgre; og tek du til høgre, skal eg ta til venstre.»

10Då såg Lot ut over landet og la merke til at heile Jordan-sletta, radt ned til Soar, var svært rik på vatn, som Herrens hage, som Egyptarlandet. Det var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.

11Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta og tok austetter. Såleis skildest dei frå einannan.

12Abram vart buande i Kanaan, medan Lot slo seg ned i byane på sletta og flytte med telta sine heilt ned til Sodoma.

13Men folket i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren.

14Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft augo og sjå deg ikring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest!

15For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid.

16Eg vil la ætta di verta som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt kunna teljast òg.

17Stå opp og far gjennom landet, så langt og så breitt som det er! For deg vil eg gje det.»

18Sidan flytte Abram ikring med telta sine. Han kom til eikelunden i Mamre ved Hebron. Der vart han buande, og der bygde han eit altar for Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Genesis 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.