1Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i Babylonia. Babylonarkongen Nebukadnesar hadde ført dei dit, men no kom dei attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.
2Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Seraja, Re’elaja, Mordekai, Bilsjan, Mispar, Bigvai, Rehum og Ba’ana. Dette er talet på Israels-mennene:
3Av Parosj-ætta 2 172,
4av Sjefatja-ætta 372,
5av Arak-ætta 775,
6av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 812,
7av Elam-ætta 1 254,
8av Sattu-ætta 945,
9av Sakkai-ætta 760,
10av Bani-ætta 642,
11av Bebai-ætta 623,
12av Asgad-ætta 1 222,
13av Adonikam-ætta 666,
14av Bigvai-ætta 2 056,
15av Adin-ætta 454,
16av Ater-ætta, etterkomarar etter Hiskia, 98,
17av Besai-ætta 323,
18av Jora-ætta 112,
19av Hasjum-ætta 223,
20av Gibbar-ætta 95.
21Frå Betlehem 123 menn,
22frå Netofa 56,
23frå Anatot 128,
24frå Bet-Asmavet 42,
25frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot 743,
26frå Rama og Geba 621,
27frå Mikmas 122,
28frå Betel og Ai 223,
29av Nebo-ætta 52,
30av Magbisj-ætta 156,
31av den andre Elam-ætta 1 254,
32av Harim-ætta 320,
33frå Lod, Hadid og Ono 725,
34frå Jeriko 345,
35av Sena’a-ætta 3 630.
36Prestane: Av Jedaja-ætta, etterkomarar etter Josva, 973,
37av Immer-ætta 1 052,
38av Pasjkur-ætta 1 247,
39av Harim-ætta 1 017.
40Levittane: Josva- og Kadmiel-sønene, av Hodavja-ætta, 74.
41Songarane: Av Asaf-ætta 128.
42Portvaktarane: Av ættene Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 139 i alt.
43Tempeltenarane: Av ættene Sika, Hasufa, Tabbaot,
44Keros, Siaha, Padon,
45Lebana, Hagaba, Akkub,
46Hagab, Sjalmai, Hanan,
47Giddel, Gahar, Reaja,
48Resin, Nekoda, Gassam,
49Ussa, Paseak, Besai,
50Asna, Maon, Nafus,
51Bakbuk, Hakufa, Harhur,
52Baslut, Mekida, Harsja,
53Barkos, Sisera, Tamak,
54Nesiak og Hatifa.
55Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Hassoferet, Peruda,
56Ja’ala, Darkon, Giddel,
57Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami.
58Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.
59Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:
60Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 652,
61og av presteættene: Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.
62Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.
63Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.
64Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
65forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner.
66Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
67435 kamelar og 6 720 esel.
68Då dei kom fram til templet i Jerusalem, hadde nokre ættehovdingar med seg friviljuge gåver til Guds hus, så det kunne byggjast opp att der det før hadde stått.
69Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5 000 sølvminer og 100 presteskrud.
70Prestane, levittane og nokre av folket busette seg i Jerusalem. Songarane, portvaktarane, tempeltenarane og alle dei andre israelittane busette seg i byane sine.