Ezekiel 6NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, vend andletet mot fjella i Israel, tal profetord mot dei

3og sei: De Israels-fjell, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkene og dalane: Eg sender sverd mot dykk og gjer ende på offerhaugane.

4Brennofferaltara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara brytast sund. Og dei av dykk som vert drepne, lèt eg falla om framfor avgudane dykkar.

5Lika av israelittane vil eg leggja framfor gudane dykkar, og beina av dykk vil eg strøya kring altara dykkar.

6Kvar de så bur, skal byane øydeleggjast og offerhaugane liggja aude. Jamvel altara dykkar skal verta øydelagde og aude og gudebileta knuste og borttekne. Røykjelsesaltara skal hoggast ned, og alt de har laga, slettast ut.

7Drepne menn skal falla midt imellom dykk. Då skal de sanna at eg er Herren.

8Men eg lèt ein rest vera att når dei av dykk som slapp unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, spreidde rundt om i landa.

9Dei av dykk som slepp unna, skal koma meg i hug ute mellom folka, der dei er i fangenskap. Det skal henda når eg har knust dei trulause hjarto deira som vende seg bort frå meg, og dei trulause augo deira som fylgde avgudane. Dei skal kjenna avsky for seg sjølve fordi dei har gjort så mykje vondt og stygt.

10Då skal dei sanna at eg er Herren. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å føra denne ulukka over dei.

11Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest.

12Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei.

13Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine.

14Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.