Ezekiel 48NO1978NN

1Dette er namna på ættene. Lengst i nord, langs vegen til Hetlon, Lebo-Hamat og Hasar-Enon, ved grensa mot Damaskus i nord og langsmed Hamat, frå aust til vest, skal Dan ha éin lut.

2Langs Dans-landet, frå aust til vest, skal Asjer ha éin lut.

3Langs Asjers-landet, frå aust til vest, skal Naftali ha éin lut.

4Langs Naftali-landet, frå aust til vest, skal Manasse ha éin lut.

5Langs Manasse-landet, frå aust til vest, skal Efraim ha éin lut.

6Langs Efraims-landet, frå aust til vest, skal Ruben ha éin lut.

7Langs Rubens-landet, frå aust til vest, skal Juda ha éin lut.

8Langs Juda-landet, frå aust til vest, skal de skilja ut eit serskilt landområde. Det skal vera tjuefem tusen alner breitt og så langt som kvar av dei andre lutene, frå austsida til vestsida. Og midt i det skal heilagdomen liggja.

9Det området de vier som heilag gåve til Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt.

10Det heilage området skal høyra desse til: Prestane skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt både i nord og sør og ti tusen alner breitt både i vest og aust. Og midt på det skal heilagdomen liggja.

11Prestane, dei av Sadok-sønene som er vigsla, dei som sytte for tempeltenesta, og som ikkje fór vilt saman med israelittane så som levittane gjorde,

12dei skal ha sin del av det landet som er vigt til heilag gåve, ein høgheilag del, attmed landet åt levittane.

13Levittane skal ha eit like stort stykke som prestane, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Heile området skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt.

14Dei skal ikkje selja eller byta bort noko av dette. Den beste delen av landet må ikkje gå over til andre; for han er heilag for Herren.

15Det fem tusen alner breie stykket som er att av det tjuefem tusen alner lange området, skal ikkje vera heilagt; byen skal bruka det til bustader og beitemarker. Og midt i det skal byen liggja.

16Desse måla skal byen ha: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre.

17Beitemarkene kring byen skal vera to hundre og femti alner breie i nord, to hundre og femti i sør, to hundre og femti i aust og to hundre og femti i vest.

18Av det som er att langs det heilage området, ti tusen alner breitt både i aust og vest, skal grøda brukast til mat for arbeidarane i byen.

19Arbeidarar frå alle Israels-ættene som bur der, skal dyrka det.

20Heile det utskilde området skal vera tjuefem tusen alner på kvar kant. Det stykket de set av til eigedom for byen, skal vera fjerdeparten av det heilage området.

21Fyrsten skal ha det som er att på begge sider av det heilage området og det som høyrer byen til. Det skal gå langs det tjuefem tusen alner lange området til grensa i aust og vestover langs det same området til grensa i vest, attmed lutene åt ættene. Det skal høyra fyrsten til. Og midt imellom skal det utskilde området med tempelheilagdomen liggja.

22Bortsett frå eigedomen åt levittane og eigedomen åt byen, som ligg mellom dei lutene fyrsten får, skal heile området mellom Juda-landet og Benjamins-landet høyra fyrsten til.

23Så kjem dei andre ættene: Benjamin, frå aust til vest éin lut;

24langs Benjamins-landet frå aust til vest: Simeon éin lut;

25langs Simeons-landet frå aust til vest: Jissakar éin lut;

26langs Jissakars-landet frå aust til vest: Sebulon éin lut,

27og langs Sebulons-landet frå aust til vest: Gad éin lut.

28Langs Gads-landet, på sørsida, skal grensa mot sør gå frå Tamar til Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet.

29Dette er det landet som de skal skifta ut mellom Israels-ættene. Dei skal ha det til odel og eige, og dette er dei lutene dei skal få, lyder ordet frå Herren Gud.

30Desse utgangane skal byen ha: På nordsida, som mæler fire tusen fem hundre alner,

31skal det vera tre portar – og byportane skal ha namn etter Israels-ættene: Rubens-porten, Juda-porten og Levi-porten;

32på austsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Josefs-porten, Benjamins-porten og Dans-porten;

33på sørsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Simeons-porten, Jissakars-porten og Sebulons-porten,

34og på vestsida, som òg mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Gads-porten, Asjers-porten og Naftali-porten.

35Byen skal ha ein omkrins på atten tusen alner. Heretter skal byen bera namnet «Herren er der».

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 48.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.