1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Du menneske, set i med ein klagesong over Tyrus!
3Sei til Tyrus som ligg der med ope tilgjenge til havet, og som handlar med folk på mange strender: Så seier Herren Gud: Tyrus, du har sagt ¬om deg sjølv: «Fullkomen er eg i venleik.»
4Midt uti havet ¬går dine grenser; dei som bygde deg, gjorde deg storfager.
5Av sypressar frå Senir laga dei alle dine plankar; sedrar henta dei frå Libanon og bygde deg ei mast.
6Årane dine laga dei av store tre frå Basan og stamnen, ¬innlagd med elfenbein, av sypressar ¬frå kittearstrendene.
7Seglet, ¬som skulle vera ditt merke, var av fargerikt lin frå Egypt, og taket i kahytta av purpur, raudt og fiolett, ¬frå Elisja-strendene.
8Folk frå Sidon og Arvad var rorskarar hjå deg, Tyrus, og dei mest dugande ¬mennene dine hadde du til styrmenn.
9Gamle og kunnige menn ¬frå Byblos var hjå deg ¬og bøtte skadane dine. Alle skip på havet ¬og sjømennene om bord kom til deg og bytte varer.
10Menn frå Persia, Lud og Put gjorde teneste i hæren din. Skjold og hjelmar ¬hengde dei opp hjå deg, og dei kasta glans over deg.
11Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager.
12Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly.
13Javan, Tubal og Mesjek dreiv handel med deg. Dei gav deg trælar og bronsekar i byte.
14Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine.
15Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt.
16Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar.
17Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte.
18Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar.
19Dan og Javan gav deg varer frå Usal for det dei kjøpte av deg. Smijern, kanel og kalmus fekk du i byte.
20Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe.
21Arabarane og alle hovdingane i Kedar dreiv oppkjøp hjå deg. Lam og verar og bukkar gav dei deg i byte.
22Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine.
23Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg.
24På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast.
25Tarsis-skip ¬var dine handelskaravanar. Du var fylt av varer ¬og tungt lasta når du drog langt til havs.
26Dine rorskarar førte deg ¬i mange farvatn. Men så kjem stormen frå aust og knuser deg der ute på havet.
27Ditt gods ¬og dine handelsvarer, dine sjømenn ¬og dine styrmenn, dei som bøtte skadane dine, dine handelsmenn ¬og alle dine krigarar, heile mannskapet ¬som du hadde om bord, søkk i havet ¬den dagen du går under.
28Når styrmennene skrik ¬i si naud, må beitemarkene skjelva.
29Alle rorskarar ¬stig ut or sine skip, kvar sjømann, ¬kvar styrmann går i land.
30Dei set i og ropar høgt og klagar bittert over deg; dei kastar jord på hovudet og velter seg i oska.
31For di skuld ¬rakar dei seg snaue og bind syrgjeklede om seg. Med sorg i hugen græt dei og klagar bittert over deg.
32Dei set i med likklage og syng ein syrgjesong ¬over deg: Kven har vorte tagal ¬som Tyrus, der han ligg midt uti sjøen?
33Når varene dine ¬kom inn frå havet, metta du mange folkeslag. Med alt ditt gods ¬og alle dine varer gjorde du kongar på jorda rike.
34No er du knust ¬og sokken i havet; varene dine ¬og alt ditt mannskap har gått til grunne med deg.
35Alle som bur ¬på havsens strender, fæler når dei tenkjer på deg; kongane deira ¬er stive av skrekk og bleike i andletet av redsle.
36Kjøpmenn i andre land ¬spottar deg. Du har vorte til skrekk og gru; borte er du for alltid.