Ezekiel 2NO1978NN

1Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.»

2Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.

3Han sa til meg: «Menneske, eg sender deg til israelittane, dette opprørske folket som har reist seg imot meg. Både dei og fedrane deira har vore trulause mot meg heilt til denne dag.

4Til desse menneska med frekk mine og harde hjarto sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud.

5Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei skjøna at ein profet har vore midt imellom dei.

6Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og lat deg ikkje skræma av det dei seier, endå dei er ikring deg som klunger, og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skræma av det dei seier, og ver ikkje redd dei! For ei trassig ætt er dei.

7Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje; for trassige er dei.

8Men du, menneske, høyr på det eg talar til deg! Ver ikkje trassig som denne ætta! Lat opp munnen og et det eg gjev deg!»

9Då eg såg opp, fekk eg auga på ei hand som var rett ut mot meg, og i den var det ein bokrull.

10Han breidde ut rullen framføre meg. Det var skrive på han både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var klagesongar, sukkar og verop.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.