Ezekiel 13NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, tal profetord mot dei profetane i Israel som driv og spår. Til dei som spår av eiga lyst, skal du seia: Høyr Herrens ord!

3Så seier Herren Gud: Ve profetane, dei dårane som fylgjer sin eigen hug og ikkje har hatt syner.

4Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.

5De gjekk ikkje opp i murrivnene og bygde ikkje skansar for Israels-ætta, så ho kunne stå seg i striden på Herrens dag.

6Synene deira er falske og spådomane lygn. Dei seier: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje Herren som har sendt dei. Og så ventar dei at han skal la ordet slå til.

7Er det ikkje falske syner de har hatt og lygnspådomar de har tala? De seier då: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje eg som har tala.

8Difor seier Herren Gud: Fordi orda dykkar er falske og synene lygn, difor kjem eg over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

9Eg retter handa mot dei profetane som har falske syner og spår lygn. Når folket mitt held råd, skal dei ikkje vera med; i boka åt Israels-ætta skal dei ikkje skrivast opp, og til Israels land skal dei ikkje få koma. De skal sanna at eg er Herren Gud.

10For de har sanneleg ført folket mitt vilt og forkynt fred, endå det ikkje er nokon fred. Når folket byggjer ein skiljevegg, då stryk dei kalk på han.

11Sei til kalkstrykarane at veggen skal ramla ned. Det skal koma eit sterkt skyljeregn. Eg lèt haglsteinar falla og eit stormver bryta laus.

12Når så veggen er fallen, vil dei nok seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»

13Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg eit stormver bryta laus; i min vreide sender eg eit sterkt skyljeregn, og i min harme lèt eg haglsteinar øydeleggja.

14Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, og jamnar han med jorda, så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de setja livet til der inne. Og de skal sanna at eg er Herren.

15Eg lèt all min harme gå ut over veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som strauk kalk på han,

16profetane i Israel som spådde om Jerusalem og hadde syner om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred,» lyder ordet frå Herren Gud.

17Og du, menneske, vend deg mot dei kvinnene i folket ditt som spår ut frå sin eigen hug. Tal profetord mot dei

18og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei kvinnene som syr bind til alle handleder og lagar slør til hovuda, alt etter kor store dei er, for å få folk i si makt. De driv jakt på menneskeliv i folket mitt og held menneske i live til eiga vinning.

19De vanhelgar meg hjå folket mitt for nokre nevar bygg og nokre bitar brød, når de drep menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet åt andre som ikkje skulle leva. Såleis lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på lygn.

20Difor seier Herren Gud: No vil eg ha tak i dei binda som de fangar menneske med, liksom ein fangar fuglar. Eg riv dei av armane dykkar og friar ut dei menneska de har fanga som fuglar.

21Så riv eg sund sløra dykkar og bergar folket mitt ut or hendene dykkar. Dei skal aldri meir verta jaktbytte og koma i dykkar vald. Då skal de sanna at eg er Herren.

22Med lygn og svik tek de motet frå ein rettferdig mann, endå eg ikkje har valda han sorg. Men den gudlause stør de, for at han ikkje skal venda om frå si vonde ferd, så eg kan la han leva.

23Difor skal de ikkje lenger ha tome syner og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut or hendene dykkar. Då skal de sanna at eg er Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.