Ezekiel 11NO1978NN

1Så lyfte ånda meg opp og førte meg til austporten i Herrens hus, den som vender mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg tjuefem menn, og midt imellom dei såg eg Ja’asanja, son til Assur, og Pelatja, son til Benaja, som var hovdingar over folket.

2Herren sa til meg: «Menneske, det er dei mennene som tenkjer ut vondskap og gjev dårlege råd her i byen.

3Dei seier: Det hastar ikkje med å byggja hus. Byen er gryta, og vi er kjøtet.

4Tal difor profetord mot dei! Tal profetord, menneske!»

5Då kom Herrens Ande over meg og baud at eg skulle seia: Så seier Herren: Såleis talar de, Israels ætt, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk.

6De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne.

7Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, dei er kjøtet, og byen er gryta. Men dykk skal eg føra ut derifrå.

8De reddast for sverdet, og eg lèt sverdet koma mot dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

9Eg fører dykk ut or byen, gjev dykk over til framande og fullfører domen over dykk.

10De skal falla for sverd; ved Israels grense vil eg halda dom over dykk. Då skal de sanna at eg er Herren.

11Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg døma dykk.

12Då skal de sanna at eg er Herren. De fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, men levde etter lovene åt dei folka som bur ikring dykk.

13Medan eg tala profetord, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og ropa med høg røyst: «Å, Herre Gud, vil du gjera ende på det som er att av Israel?»

14Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

15Menneske! Brørne dine, dei mennene som er bortførte saman med deg, heile denne ætta av Israel, om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»

16Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Då eg førte dei langt bort, mellom folkeslaga, og spreidde dei i landa, vart eg berre i liten mon ein heilagdom for dei i landa dei kom til.

17Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, føra dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land.

18Når dei kjem dit, skal dei ta bort alle avskyelege gudebilete og all den styggedom som finst der.

19Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden.

20Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.

21Men dei som i hjarta fylgjer dei avskyelege gudane sine og all den andre styggedomen, dei gjev eg att for det dei har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.

22Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud.

23No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen.

24Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt.

25Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openberra for meg i synet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.