Exodus 7NO1978NN

1Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.

2Du skal tala alt det eg seier deg, og Aron, bror din, skal leggja det fram for farao, så han lèt israelittane fara frå landet.

3Men eg vil gjera han hard i hugen, og mange teikn og under vil eg gjera i Egypt.

4Farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk, og difor vil eg leggja mi hand på egyptarane og føra hærane mine, Israel, folket mitt, ut or Egypt med veldige straffedomar.

5Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»

6Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt.

7Moses var åtti og Aron åttitre år gamal då dei tala med farao.

8Herren sa til Moses og Aron:

9«Når farao bed dykk gjera eit under, då skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han ned framfor farao, så skal han verta til ein orm!»

10Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som Herren hadde sagt. Aron kasta staven sin ned framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein orm.

11Då sende farao bod etter vismennene og trollmennene, og så gjorde dei egyptiske spåmennene det same med kunstene sine.

12Alle kasta dei stavane sine, og dei vart til ormar. Men staven åt Aron slukte stavane deira.

13Det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei.

14Då sa Herren til Moses: «Farao er trassig. Han vil ikkje la folket fara.

15Gå til han i morgon tidleg når han kjem ned til Nilen, og stå på elvebakken, så han møter deg! Staven som vart omskapt til ein orm, skal du ha i handa.

16Og du skal seia til han: Herren, Hebrearguden, har sendt meg til deg og seier: Lat folket mitt fara, så dei kan halda gudsteneste i øydemarka! Men enno har du ikkje vilja lyda.

17Så seier Herren: Av dette skal du skjøna at eg er Herren: Sjå, no slår eg på vatnet i Nilen med denne staven som eg har i handa, og så skal det verta til blod.

18Fisken i Nilen skal døy, og det skal lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje orkar å drikka vatnet.»

19Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven og rett handa di ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og dammane, over kvar samling av vatn i landet, så skal det verta til blod. Og blod skal det vera i heile Egypt, både i trekjerald og steinkjerald.»

20Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses lyfte staven og slo på vatnet i Nilen, medan farao og mennene hans såg på. Då vart alt vatnet i elva til blod.

21Fisken i Nilen døydde, og det lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje kunne drikka vatnet. Det var blod i heile Egypt.

22Men dei egyptiske spåmennene gjorde det same med kunstene sine. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei.

23Farao snudde seg og gjekk heim. Han brydde seg ikkje om dette heller.

24Men alle egyptarane grov rundt ikring Nilen etter vatn; for dei kunne ikkje drikka elvevatnet.

25Så gjekk det sju dagar etter at Herren hadde gjort vatnet i Nilen til blod.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.