1Herren sa til Moses: «Hogg deg ut to steintavler like eins som dei fyrste! Så skal eg skriva på dei det same som stod på dei fyrste tavlene, dei du slo sund.
2Hald deg ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga opp på Sinai-fjellet og venta på meg på fjelltoppen.
3Ingen må vera med deg opp, og ingen må syna seg på heile fjellet. Heller ikkje må småfe eller storfe beita bort imot fjellet.»
4Så hogg Moses ut to steintavler like eins som dei fyrste. Dagen etter stod han tidleg opp og gjekk opp på Sinai-fjellet, som Herren hadde sagt, og han hadde begge steintavlene med seg.
5Då steig Herren ned i ei sky og gjekk bort til Moses. Og han ropa Herrens namn.
6Herren gjekk framom beint for augo hans og ropa: «Herren, Herren er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning!
7Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden.»
8Då fall Moses straks på kne, bøygde seg til jorda og tilbad.
9Og han sa: «Herre, dersom du har godvilje for meg, så gå med oss, Herre! Dette er eit stridlyndt folk. Men du vil tilgje misgjerningane og syndene våre og gjera oss til din eigedom.»
10Då sa Herren: Ja, eg vil gjera ei pakt. Midt for augo på heile folket ditt vil eg gjera slike under som det ikkje har vore maken til på heile jorda eller hjå noko folkeslag. Heile det folket du lever imellom, skal sjå kor ageleg det er, det verket som eg, Herren, gjer for deg.
11Gjev akt på det eg byd deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
12Ta deg i vare så du ikkje gjer pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje skal verta ei snare for dykk.
13De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene deira og hogga ned Asjera-pålane deira.
14Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Den Strenge, og ein streng Gud er han.
15Gjer ikkje pakt med dei som bur i landet! For dei driv avgudsdyrking og ofrar til gudane sine, og når dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira.
16Du vil ta koner til sønene dine mellom døtrene deira, og døtrene deira vil halda seg til gudane sine og få sønene dine til å falla frå og dyrka gudane deira.
17Støypte gudebilete skal du ikkje laga deg.
18Usyrdebrødshelga skal du halda. Sju dagar skal du eta usyrt brød, som eg har sagt deg, til fastsett tid, i abib månad. For i abib månad tok du ut frå Egypt.
19Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, anten det er storfe eller småfe.
20Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.
21Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Om det så er i våronna eller haustonna, skal du kvila den dagen.
22Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten, og hausthelga når året er ute.
23Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren, Israels Gud.
24For eg vil driva ut dei andre folka for deg og gjera grensene dine vide, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer opp og stig fram for Herren din Gud, tre gonger om året.
25Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og påskefestofferet må ikkje verta liggjande til om morgonen.
26Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.
27Herren sa til Moses: «Skriv opp desse boda! For etter dei gjer eg ei pakt med deg og Israel.»
28Moses var hjå Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og Herren skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.
29Så gjekk Moses ned av Sinai-fjellet med dei to lovtavlene i handa. Då han kom ned, stråla og skein det av andletet hans, av di Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje.
30Aron og israelittane såg at det skein av andletet hans, og dei torde ikkje gå bort til han.
31Då ropa Moses på dei, og så kom Aron og alle leiarane i Israels-lyden til han, og han tala med dei.
32Sidan kom alle israelittane bortåt, og Moses bar fram alle dei bod Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet.
33Då Moses var ferdig med å tala til dei, la han eit slør over andletet sitt.
34Men kvar gong han gjekk fram for Herren og tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane det han var føresagd.
35Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulle inn og tala med Herren.