Exodus 20NO1978NN

1Gud tala alle desse orda:

2Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

3Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.

4Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.

5Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg,

6men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

7Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.

8Kom kviledagen i hug, så du held han heilag!

9Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning.

10Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine.

11For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.

12Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

13Du skal ikkje slå i hel.

14Du skal ikkje bryta ekteskapet.

15Du skal ikkje stela.

16Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.

17Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

18Heile folket høyrde torebraket og hornlåten og såg lyna og fjellet i røyk. Då dei såg og høyrde dette, skalv dei av redsle og heldt seg langt unna.

19Og dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då døyr vi!»

20Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud vil prøva dykk, og han vil at de skal ha age for han, så de ikkje syndar. Difor er han komen.»

21Så vart folket ståande langt borte, medan Moses gjekk innåt mørkeskodda der Gud var.

22Herren sa til Moses: Så skal du seia til israelittane: De høyrde korleis eg tala til dykk frå himmelen.

23De skal ikkje laga dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.

24Eit altar av jord skal du reisa for meg. På det skal du ofra brennoffera og måltidsoffera dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar stad der eg vil ha namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.

25Men vil du laga eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For brukar du meisel på steinane, vanhelgar du dei.

26Du skal ikkje gå opp til altaret mitt etter ei tropp, så du ikkje skal visa deg naken framfor det.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.