Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ephesians 5

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ha Gud til førebilete, de som er hans kjære born.
2 Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange.
3 Hor, alle slag ureinskap og havesykje ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje for kristne.
4 Rått snakk, dumt prat og grovt skjemt er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!
5 For det skal de vita at ingen som driv hor eller lever i umoral, skal vera med i Guds og Kristi rike, heller ikkje den som er havesjuk, for han er ein avgudsdyrkar.
6 Lat ingen narra dykk med tome ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.
7 Ha ikkje noko sams med dei!
8 Ein gong var de sjølve mørker, men no i Herren er de ljos. Lev som born av ljoset!
9 For fruktene av ljoset er godleik, rettferd og sanning.
10 Prøv kva som er til hugnad for Herren!
11 Ver ikkje med dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei er utan frukt; refs heller.
12 Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.
13 Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det,
14 og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det: Vakna, du som søv, stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg.
15 Pass difor nøye korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke,
16 de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde.
17 Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil.
18 Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden,
19 og lat salmar og hymner og åndelege songar lyda mellom dykk; syng og spel av hjarta for Herren!
20 Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!
21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.
22 Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv.
23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin.
24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
25 De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,
26 han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord.
27 den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera.
28 same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.
29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han same måten som Kristus gjer med kyrkja.
30 For vi er lemer hans lekam.
31 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.
32 Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg Kristus og kyrkja.
33 Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin.