Ephesians 1NO1978NN

1Paulus, etter Guds vilje Jesu Kristi apostel, helsar dei heilage i Efesos, dei som trur på Kristus Jesus.

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3Lova vere Gud, ¬vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus ¬har velsigna oss med all Andens velsigning ¬i himmelen.

4I Kristus har han valt oss ut ¬før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage ¬og lytelause for hans åsyn.

5I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ¬ved Jesus Kristus,

6til lov og ære ¬for hans herlegdom og for den nåde han gav oss ¬i sin kjære Son.

7I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde,

8som han i rikt mål ¬har late oss få. Han gav oss all visdom ¬og alt skjøn,

9då han kunngjorde oss ¬løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke

10om å fullføra sin frelsesplan ¬når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen ¬og det på jorda.

11I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje.

12Så skulle vi vera til lov og ære ¬for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von ¬til Kristus.

13I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande ¬som var lova,

14han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem ¬for Guds folk, til lov og ære ¬for hans herlegdom.

15Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine.

16For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.

17Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna.

18Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage,

19og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke

20reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen,

21over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande.

22Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,

23som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ephesians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.