1Dette er den velsigninga som Moses, gudsmannen, lyste over israelittane før han døydde:
2Herren kom frå Sinai, frå Se’ir stråla han fram for dei. I ljosglans kom han ¬frå Paran-fjellet med heilage i tallaus mengd, som strøymde fram ¬på hans høgre side.
3Ja, han elskar sitt folk. Alle hans heilage ¬er i hans hand. Dei set seg ned ved dine føter og tek imot av dine ord.
4Moses gav oss ei lov, ein eigedom for Jakobs lyd.
5Det stod fram ein konge ¬i Jesjurun då hovdingane i folket kom saman med ættene i Israel.
6Gjev Ruben må leva ¬og aldri døy ut, gjev hans menn må auka i tal!
7Dette sa han om Juda: Herre, høyr ropa frå Juda, og før han heim til sitt folk! Med sine hender ¬strider han for det. Ver du hans hjelp mot fiendane!
8Om Levi sa han: Dine tummim og urim skal vera hjå din trufaste mann, han som du sette på prøve ¬ved Massa og stridde mot ¬ved Meriba-kjelda.
9Han sa om far sin og mor si: «Eg har aldri sett dei.» Han kjendest ikkje ¬ved sine brør og ville ikkje vita av sine born. For dei tok vare på ditt ord og verna om di pakt.
10Dei skal læra Jakob dine bod og Israel di lov. Dei skal leggja røykjelse ¬fram for din nase og heiloffer på ditt altar.
11Herre, velsigna hans kraft, ha hugnad i alt hans verk! Knus hoftene ¬på hans motstandarar, lat aldri hans fiendar ¬reisa seg meir!
12Om Benjamin sa han: Herrens hjartebarn ¬bur trygt og godt. Herren vernar han heile dagen, han bur imellom hans fjellsider.
13Om Josef sa han: Gjev Herren må signa hans land ¬med dogg, den gode himmelgåva, og med vatn frå havdjupet ¬som ligg der nede,
14med den finaste avling ¬som mognast i sol, og det beste som gror ¬medan månen skifter,
15med det gjævaste ¬frå dei eldgamle fjell, det aller beste ¬frå dei evige høgder,
16med alt godt som fyller jorda, og med velvilje frå han som budde i klungeren. Lat dette koma ¬over Josefs hovud, over krona på han som er hovding ¬mellom sine brør.
17Staseleg er ¬hans fyrstefødde okse, han har horn som ein villokse; med dei stangar han folka heilt til verdsens endar. Dette er Efraims store hærar, dette er Manasses sterke hop.
18Om Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, ¬når du dreg ut, gled deg, Jissakar, i dine telt!
19Dei bed ættene koma til fjellet; der ber dei fram dei rette offer. Dei syg til seg rikdom frå havet og skattar gøymde i sanden.
20Om Gad sa han: Lova vere han ¬som lèt Gad få rom! Han legg seg på lur som ei løve og riv sund både arm og hovud.
21Han såg seg ut den beste delen; der fekk han lut ¬som ein høgvørd førar då hovdingane i folket møttest. Og saman med Israel ¬gjorde han det som er rett for Herren, det han har fastsett.
22Om Dan sa han: Dan er ein løveunge som spring fram frå Basan.
23Om Naftali sa han: Naftali er metta ¬med Herrens velvilje og fylt av hans velsigning. Han tek land i vest og sør.
24Om Asjer sa han: Mest velsigna av søner er Asjer. Han skal vera ¬den kjæraste mellom brørne og duppa foten i olje.
25Dine bommar skal vera ¬av jern og bronse; som dine dagar er, ¬skal din styrke vera.
26Det finst ingen som Gud, ¬Jesjurun. Han fer deg til hjelp ¬over himmelen og rid i sitt velde på skyene.
27Ein bustad ¬er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar. Han driv bort for deg fienden og seier: «Ryd ut!»
28Så bur Israel trygt, Jakobs kjelde har fred i eit land med korn og vin, der dogga dryp frå himmelen.
29Å, Israel, kor du er sæl! Kven er som du? – eit folk som får hjelp ¬frå Herren, ditt vernande skjold ¬og ditt veldige sverd. Dine fiendar skal krypa for deg, medan du skrid fram ¬over høgdene deira.