Deuteronomy 2NO1978NN

1Sidan vende vi oss mot øydemarka og tok vegen til Sevsjøen, som Herren hadde sagt til meg, og i lang tid fór vi og sveiv kring Se’ir-fjella.

2Då sa Herren til meg:

3«Lenge nok har de fare kring desse fjella. Ta no leia mot nord!

4Du skal seia til folket: Når de fer fram gjennom Se’ir, landet åt frendane dykkar, Esau-sønene, kjem dei til å verta redde for dykk. Men de skal akta dykk vel

5at de ikkje går til strid mot dei. Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for eg har late Esau få Se’ir-fjella til eigedom.

6Den maten de treng, lyt de kjøpa av dei for pengar, og vatnet de drikk, lyt de òg betala for.

7Herren din Gud har velsigna deg i alt du har teke deg føre. Og han har sytt for deg på ferda gjennom den store øydemarka. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting vanta.»

8Så tok vi av stad, bort frå frendane våre, Esau-sønene, som bur i Se’ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, den som går frå Eilat og Esjon-Geber, og heldt fram i ei anna lei, etter den vegen som fører til Moab-øydemarka.

9Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av landet deira, for Ar har eg gjeve Lots-sønene til eigedom. –

10I gamle dagar budde emittane der, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakittane

11og vart liksom dei rekna for refaittar; men moabittane kallar dei emittar.

12Før i tida budde det horittar i Se’ir. Men Esau-sønene dreiv dei bort og rudde dei ut og busette seg der i staden deira, så som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eigedom. –

13Ta no ut og gå over Sered-bekken!» Så gjekk vi over Sered-bekken.

14Då var det trettiåtte år sidan vi tok ut frå Kadesj-Barnea, og heile den gamle ættleden av våpenføre menn i leiren var utdøydd, som Herren hadde svore at det skulle gå dei.

15Herrens hand var vend mot dei, og han rudde dei ut or leiren til siste mann.

16Då alle våpenføre menn i folket var døde,

17tala Herren til meg og sa:

18«Når du no fer gjennom Moab-landet, gjennom Ar,

19og kjem bort imot ammonittlandet, skal du ikkje gå til strid mot dei og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av ammonittlandet, for det har eg gjeve Lots-sønene til eigedom.»

20Det òg vert rekna for eit refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar.

21Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren rudde dei ut for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg i landet deira.

22Det same hadde han gjort for Esau-sønene, som bur i Se’ir, då han rudde ut horittane for dei. Esau-sønene dreiv dei bort og busette seg i landet deira, og der har dei butt til denne dag.

23Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane, heilt fram til Gasa. Kaftorarane som kom frå Kaftor, rudde dei ut og busette seg i landet deira.

24Gjer dykk ferdige, far i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender. Ta til med å leggja det under deg, og gå til strid mot han!

25Etter denne dag vil eg la redsle og age for deg koma over alle folk under himmelen. Berre dei høyrer gjete deg, skal dei bivra og skjelva for deg.

26Frå Kedemot-øydemarka sende eg nokre menn til Sihon, kongen i Hesjbon, med tilbod om fred. Eg sa:

27«Lat meg få fara gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre.

28Den maten eg treng, skal eg kjøpa av deg for pengar, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg betala deg for. Eg vil berre fara til fots gjennom landet

29– som Esau-sønene i Se’ir og moabittane i Ar gav meg lov til – så eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»

30Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss fara gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, fordi han ville gje han i dine hender, som han no har gjort.

31Og Herren sa til meg: «Sjå, no gjev eg deg makt over Sihon og landet hans. Gå til verket og legg landet under deg!»

32Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville strida mot oss.

33Men Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren hans.

34Den gongen tok vi alle byane hans og bannstøytte kvar byen, både menn, kvinner og born. Ingen vart att, og ingen slapp unna.

35Berre bufeet eigna vi til oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.

36Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og frå byen nede i dalen heilt til Gilead fanst det ikkje ein einaste by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.

37Men ammonittlandet lét du vera i fred, både landet langs Jabbok-elva og byane oppi fjellet, alt det som Herren vår Gud hadde sagt at vi ikkje skulle ta.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.