Deuteronomy 15NO1978NN

1Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår.

2Såleis skal du gå fram når du ettergjev gjeld: Kvar den som har noko til gode hjå ein landsmann, skal ettergje det. Han må ikkje krevja det att hjå frende eller landsmann, når det er utlyst ettergjeving frå Herren.

3Utlendingen kan du krevja. Men det du har til gode hjå landsmannen din, skal du ettergje.

4Med retten skulle det ikkje finnast fattige hjå deg; for Herren din Gud vil velsigna deg rikt i det landet han gjev deg til odel og eige,

5så sant du lyder Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle desse bodorda som eg gjev deg i dag.

6Når Herren din Gud velsignar deg, som han har lova, skal du låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. Du skal rå over mange folk, men ingen skal rå over deg.

7Når ein av landsmennene dine vert fattig i ein av byane i det landet Herren din Gud gjev deg, då skal du ikkje vera så hardhjarta at du lèt att handa for den fattige bror din.

8Du skal opna handa for han og låna han det han vantar og treng.

9Ta deg i vare, så ikkje den vonde tanken stig opp i deg: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret.» Sjå då ikkje med uvilje på den fattige bror din, men gjev han det han treng. Elles kjem han til å klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd.

10Gjev han viljug, og gjer det ikkje i tverrskap! Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre.

11Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: «Opna handa for bror din, for dei arme og fattige i landet ditt!»

12Når ein av landsmennene dine, mann eller kvinne, av hebrearætt, vert seld til deg, skal han tena hjå deg i seks år, men i det sjuande året skal du gje han fri og la han fara sin veg.

13Når du gjev han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.

14Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. Gjev han av det som Herren din Gud har velsigna deg med.

15Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og at Herren din Gud løyste deg ut. Difor gjev eg deg i dag dette påbodet.

16Men seier trælen at han ikkje vil skiljast frå deg, fordi han har det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,

17skal du ta ein syl og stikka gjennom øyra hans, inn i døra, og så skal han tena deg all si tid. Det same skal du gjera med trælkvinna di.

18Ta det ikkje tungt om du må gje han fri og la han fara. Han har arbeidt for deg i seks år, og det han har gjort, er dobbelt så mykje verdt som det ein leigekar får. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer.

19Alle fyrstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du vigsla til Herren din Gud. Fyrstefødde oksar skal du ikkje bruka til arbeid, og fyrstefødde sauer må du ikkje klyppa.

20Kvart år skal du og huslyden din eta dei for Herrens åsyn, på den staden Herren vel seg ut.

21Men har dei lyte, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.

22Heime i byane dine kan du eta dei. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.

23Men blodet må du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.