Daniel 9NO1978NN

1I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –

2i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år.

3Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.

4Eg bad til Herren min Gud, sanna vår synd og sa: «Å Herre, du store og agelege Gud, som held di pakt og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!

5Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige; vi har vike av frå dine bod og lover.

6Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, hovdingane og fedrane våre, og til alt folket i landet.

7Din er retten, Herre, og vår er skamma; så er det i dag med Juda-mennene og Jerusalemsbuane og heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til fordi dei hadde vore trulause mot deg.

8Ja, Herre, vi må skjemmast, vi og kongane våre, hovdingane og fedrane våre, som har synda mot deg.

9Hjå Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving, endå vi har sett oss opp mot han.

10Vi høyrde ikkje på Herren vår Gud og levde ikkje etter lovene hans, som han la fram for oss ved tenarane sine, profetane.

11Heile Israel braut di lov, vende seg bort og høyrde ikkje på deg. Difor kom ho over oss, den forbanninga som Gud gjorde eid på at han ville senda, og som det er skrive om i lova åt Moses, Guds tenar. For vi hadde synda mot han.

12Han heldt sine ord som han hadde tala mot oss og mot dei styresmennene som rådde over oss. Han sende over oss ei ulukke så stor at det ikkje finst ein stad under himmelen der det har hendt noko slikt som i Jerusalem.

13Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna Herren vår Guds velvilje; vi vende ikkje om frå våre misgjerningar og akta ikkje på di sanning.

14Difor hadde Herren støtt ulukka for auga og lét henne koma over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han.

15Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut or Egypt med sterk hand og har vunne deg eit namn, så som det er i dag, vi har synda og vore ugudelege.

16Men Herre, du som har gjort så mange frelsesverk, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda, og fedrane våre har bore seg ille åt, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss.

17Høyr no, vår Gud, kva tenaren din bed, ja, naudbed deg om, og lat ditt åsyn lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre.

18Min Gud, vend øyra til og høyr! Lat opp augo dine og sjå røysane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre audmjuke bøner fram for deg, men i tillit til di store miskunn.

19Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt på vår bøn! Grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.»

20Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell,

21ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram.

22Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.

23Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24Sytti veker er fastsette for ditt folk og din heilage by før vondskapen ¬har nått sitt mål, før synda tek slutt. Då vert skulda utstroken, det kjem ei evig rettferd, det profetane såg, vert stadfest, og Det høgheilage vert salva.

25Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde.

26Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til. Byen og heilagdomen ¬skal øydeleggjast av hæren åt ein fyrste ¬som kjem. Han skal enda sine dagar ¬i ein flaum. Den fastsette øydelegging skal vara til krigen er slutt.

27Éi veke gjer han pakta tung ¬for mange, midt i veka gjer han ende på slaktoffer og grødeoffer. På styggedoms venger kjem det ein som herjar, heilt til den fastsette ¬øydelegging strøymer ned ¬over øydaren sjølv.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Daniel 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.