1I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.
2Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør.
3Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.
4Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta.
5Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!»
6Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.
7Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn.
8Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.
9Så såg eg: Tronstolar vart sette fram, og ein som var gamal av dagar, ¬tok sete. Hans klednad var snøkvit og håret på hovudet hans ¬som rein ull. Hans trone var eldslogar og hjula under ¬brennande eld.
10Ei elv av eld strøymde fram, og ho gjekk ut framføre han. Tusen på tusen tente han, titusen på titusen ¬stod framføre han. Retten vart sett, ¬og bøker vart opna.
11Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast.
12Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.
13Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ¬ein menneskeson. Han gjekk bort ¬mot den gamle av dagar og vart ført fram for han.
14Han fekk herredøme, ¬ære og rike; folk og ætter med ulike språk, alle folkeslag skal tena han. Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike går aldri til grunne.
15Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg.
16Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde:
17«Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda.
18Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.»
19Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene.
20Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre.
21Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,
22til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige.
23Så lydde svaret hans: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne.
24Dei ti horna tyder at det skal koma ti kongar i dette riket. Og etter dei skal det koma endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal slå tre kongar.
25Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid.
26Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid.
27Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»
28Her endar forteljinga mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg vart bleik i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjarta.