1På den tid skal Mikael, den store fyrsten, stiga fram, han som vernar ¬dine landsmenn. Det skal koma ei trengselstid som det ikkje har vore ¬maken til heilt sidan folkeslag vart til. Men på den tid ¬skal folket ditt verta frelst, alle som er oppskrivne i boka.
2Og mange av dei ¬som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, andre til skam og evig avsky.
3Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange ¬til rettferd, skal skina som stjernene, ¬evig og alltid.
4Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.
5Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva.
6Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?»
7Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.»
8Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?»
9Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida.
10Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.
11Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar.
12Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar.
13Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»