1Då pinsedagen kom, var dei alle samla.
2Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i.
3Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.
4Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
5I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda.
6Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.
7Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?
8Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål –
9partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia,
10Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne,
11jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»
12Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»
13Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»
14Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei: Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine!
15Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.
16Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
17I dei siste dagar skal det henda, ¬seier Gud, at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord, dei unge mennene ¬skal sjå syner, og dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar.
18Jamvel over trælane ¬og trælkvinnene mine vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagar, og dei skal tala profetisk.
19Eg lèt teikn syna seg ¬oppe på himmelen og teikn nede på jorda: blod og eld og røykskyer.
20Sola skal mørkjast og månen verta som blod, før Herrens dag kjem, ¬den store og strålande.
21Og kvar den som kallar ¬på Herrens namn, skal verta frelst.
22Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til.
23Han vart gjeven i dykkar hand så som Gud føreåt hadde fastsett og visste om, og de lét menn som ikkje kjenner Guds lov, nagla han til krossen og drepa han.
24Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han.
25For David seier om han: Alltid hadde eg augo vende ¬mot Herren, for han er ved mi høgre side, så eg ikkje skal rikkast.
26Difor var det glede i mitt hjarta og jubel på mi tunge, ja, jamvel lekamen ¬skal bu med von.
27¬For du skal ikkje la mi sjel verta verande i dødsriket og ikkje la din Heilage ¬gå til grunne.
28Du har lært meg livsens vegar, og du skal fylla meg med glede ¬for ditt åsyn.
29Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag.
30Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans.
31Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne.
32Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.
33Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer.
34For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand
35til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter!
36Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.
37Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?»
38Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve.
39For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.»
40Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!»
41Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden.
42Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.
43Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.
44Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.
45Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.
46Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede.
47Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.