Acts 17NO1978NN

1Dei la vegen om Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ei synagoge,

2og Paulus gjekk dit, som han var van. Tre sabbatsdagar på rad tala han med dei ut frå skriftene.

3Han forklara og la ut for dei at Messias laut lida og stå opp frå dei døde, og sa: «Det er Jesus, han som eg forkynner, som er Messias.»

4Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar, av dei som trudde på Israels Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.

5Dette gjorde jødane arge i hugen, og dei fekk med seg nokre ringe karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit opplaup som sette byen i røre. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folkehopen.

6Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til domarane og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,

7og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»

8Då folkehopen og domarane høyrde det, vart dei skræmde;

9og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i trygd.

10Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i synagoga åt jødane.

11Jødane der hadde eit gjævare huglag enn dei i Tessalonika; dei tok imot Ordet med all godhug, og granska dagleg skriftene og såg etter om det hadde seg så.

12Mange av dei kom då til tru, og ikkje få av dei gjævaste greske kvinnene og mennene.

13Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og laga bråk.

14Då sende brørne Paulus av stad med ein gong; han skulle fara ned til sjøen. Men Silas og Timoteus vart att i Berøa.

15Dei som fylgde Paulus, var med han til Aten og fór så heim att med det bodet til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han snarast råd.

16Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete.

17I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka.

18Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.

19Så tok dei Paulus med seg opp på Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med?

20Det er då underlege ting du lèt oss få høyra; difor ville vi gjerne få vita korleis det kan ha seg med dette.»

21For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt.

22Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa: Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.

23For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.

24Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,

25og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.

26Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.

27Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.

28For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.»

29Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

30Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

31For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde.

32Men då dei høyrde at døde menneske skulle stå opp att, var det somme som spotta; men andre sa: «Vi vil gjerne høyra meir av deg om dette ein annan gong.»

33Så gjekk Paulus frå dei.

34Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Acts 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.