1Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok herredømet frå dei.
2David vann over moabittane òg. Så baud han dei leggja seg ned på jorda og mælte dei med ei snor. Han mælte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Då gav moabittane seg under David og laut svara skatt.
3Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba, då han drog ut og ville vinna att herredømet over landet ved Eufrat.
4David tok frå han eitt tusen sju hundre hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre.
5Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.
6David la vaktmannskap i Damaskus-riket; aramearane gav seg under han og laut svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8Og frå Betak og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med kopar.
9Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,
10sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på David og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden med Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og kopar.
11Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka han hadde lagt under seg,
12frå aramearane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13David vann seg eit stort namn. Då han var på heimveg etter sigeren over aramearane, slo han edomittane i Saltdalen; dei var atten tusen mann.
14Han la vaktmannskap i Edom; i heile Edom la han vaktmannskap. Og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
16Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.
17Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar.
18Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var prestar.