1Sidan kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.
2Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron, og kong David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Så salva dei David til konge over Israel.
4David var tretti år gamal då han vart konge, og han styrte i førti år.
5I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
6Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Jamvel blinde og lame kan driva deg bort.» Med det meinte dei at der kom David aldri inn.
7Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.
8Den dagen sa David: «Kvar den som feller ein jebusitt – desse lame og blinde, som hatar David – og går opp gjennom vassberarsjakta, han skal vera hovding og førar.» Difor heiter det: «Ein blind eller lam får ikkje koma inn i templet.»
9David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen. Han bygde rundt ikring, frå Millo og utover.
10Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.
11Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømmermenn og steinhoggarar; dei bygde eit hus åt David.
12David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
13Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg endå fleire fylgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk fleire søner og døtrer.
14Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
15Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia,
16Elisjama, Eljada og Elifelet.
17Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga.
18Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
19Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Herren svara David: «Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.»
20Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.
21Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.
22Men filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
23Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea!
24Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du storma fram. For då har Herren drege ut framføre deg og vil slå filistarhæren.»
25David gjorde som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og forfylgde dei frå Geba til bort imot Geser.