2 Samuel 19NO1978NN

1Joab fekk melding om at kongen gret og syrgde over Absalom.

2Då vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen syrgde over son sin.

3Den dagen lurte mennene seg inn i byen, liksom folk lurer seg inn når dei skjemmest fordi dei har rømt frå striden.

4Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min!»

5Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført vanære over alle mennene dine, dei som i dag har berga både ditt liv og livet åt sønene og døtrene, konene og fylgjekonene dine.

6Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du synt at du korkje bryr deg om hovdingane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levt i dag, og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera.

7Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å verta verande hjå deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.»

8Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han. Israelittane hadde rømt heim, kvar til seg.

9Då tok folket i alle Israels-ættene til å tretta med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarveldet. No har han rømt landet for Absalom.

10Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i striden. Kvifor gjer de då ingen ting for å henta kongen heim att?»

11Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?

12De er då brørne mine, av same kjøt og blod som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?

13Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same kjøt og blod som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera hærførar i staden for Joab.»

14Såleis vann han judearane for seg, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»

15Så gav kongen seg på heimveg. Då han kom til Jordan, var judearane alt komne til Gilgal; dei ville ta imot han og føra han over Jordan.

16Sjimi Gerason, som høyrde Benjamins-ætta til og var frå Bakurim, skunda seg nedover saman med judearane og ville møta kong David.

17Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Og Siba, som var tenestmann i Sauls-ætta, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit.

18No sette dei over vadet, for dei ville hjelpa kongsfolket over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi Gerason ned for han

19og sa: «Herre, tilgjev meg brotet mitt! Lat det vera gløymt, herre konge, kor stygt tenaren din bar seg åt den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!

20For eg veit at eg har synda. Men i dag er eg den fyrste av Josefs ætt som kjem ned og møter deg, herre konge.»

21Då tok Abisjai Serujason til ords og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salvevigde?»

22Men David svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner, sidan de står meg imot i dag? I dag skal ingen mann i Israel missa livet. For no veit eg at eg er konge over Israel.»

23Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.

24Mefibosjet, soneson til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje greitt skjegget og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen fór bort, og til han kom trygt attende.

25Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?»

26Han svara: «Tenaren min narra meg, herre konge. Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og fylgja kongen; du veit eg er lam.

27I staden laug han på meg for deg, herre konge. Men du er som Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.

28For heile mi ætt hadde ikkje anna å venta av deg enn døden, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»

29Kongen svara: «Du treng ikkje tala meir om dette. Eg har sagt at du og Siba skal dela jordeigedomen.»

30Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»

31Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde fylgt kongen til Jordan. Der ville han skiljast frå han.

32Barsillai var ein gamal mann, åtti år. Han hadde sytt for mat og drikke til kongen medan han heldt til i Mahanajim, for han var svært rik.

33Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hjå meg i Jerusalem.»

34Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem?

35Eg er no åtti år gamal. Eg merkar ikkje lenger skilnaden på godt og ringt og kjenner ikkje smaken av det eg et og drikk. Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle eg så vera til bry for deg, herre konge?

36Eg ville berre fylgja kongen eit stykke på vegen. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?

37Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest!»

38Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Og alt du ynskjer, skal eg gjera for deg.»

39Så sette heile hæren over Jordan, men kongen vart ståande. Han kyste Barsillai og velsigna han, og Barsillai fór heim att.

40Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket fylgde kongen, og like eins halve Israels-folket.

41Men best det var, kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har frendane våre, judearane, teke kongen og ført han og huslyden hans og alle Davids menn over Jordan?»

42Då tok alle judearane til ords og svara israelittane så: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levt på kongen eller hatt nokon føremon av han?»

43Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor har de sett bort frå oss? Var det ikkje vi som fyrst tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane gav eit endå hardare svar enn israelittane hadde gjeve.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.