2 Samuel 17NO1978NN

1Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.

2Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine.

3Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.»

4Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel.

5Men så sa Absalom: «Send bod etter Husjai av Arak-ætta, så vi får høyra kva han òg har å seia.»

6Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Akitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!»

7Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Akitofel har gjeve denne gongen.»

8Og han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er djerve stridsmenn, og at dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein gamal krigar; han legg seg ikkje til ro saman med mennene sine om natta.

9No held han seg nok gøymd i ei hole eller einkvan annan staden. Går det så at nokon av mennene våre fell i fyrstninga, kjem alle som får høyra det, til å seia at det har vore eit stort mannefall mellom dei som fylgjer Absalom.

10Og om det er aldri så djerv ein kar, med eit hjarta som ei løve, så misser han motet. For heile Israel veit at far din er ei kjempe, og at det er djerve menn, dei som er med han.

11Difor er dette mitt råd: Lat heile Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Og dra sjølv med dei i striden!

12Når vi så råkar han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Vi skal ikkje spara ein einaste mann, korkje han sjølv eller nokon av dei som er med han.

13Og søkjer han livd i ein festningsby, skal heile Israel leggja reip om den byen og dra han ned i dalen, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.»

14Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet åt Husjai av Arak-ætta er betre enn rådet åt Akitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet åt Akitofel ikkje vart fylgt, for Herren ville føra ulukke over Absalom.

15Sidan sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Akitofel hadde talt Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva han sjølv hadde rådt dei til.

16Og han la til: «Skunda dykk og send bod til David! Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i øydemarka, men setja over elva! Elles er det ute både med kongen og alle dei som fylgjer han.»

17Jonatan og Akima’as heldt seg utmed Rogel-kjelda. Ei tenestjente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.

18Men denne gongen var det ein unggut som fekk auga på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bakurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brunn i tunet; og den steig dei nedi.

19Kona i huset tok eit teppe og breidde over brunnopninga. Ho strøydde korn oppå, så ingen kunne merka noko.

20Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Akima’as og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem.

21Då dei vel var farne, steig hine opp or brunnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set over elva i ein fart!» Så fortalde dei kva råd Akitofel hadde gjeve.

22Då tok David ut med alt folket sitt, og dei sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein mann; alle hadde kome seg over elva.

23Då Akitofel såg at rådet hans ikkje vart fylgt, sala han eselet sitt, sette seg på det og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Såleis døydde Akitofel, og han vart gravlagd i grava åt far sin.

24David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane.

25Absalom hadde gjort Amasa til hærførar i staden for Joab. Amasa var son til ein ismaelitt som heitte Jitra og var gift med Abigal, dotter til Nakasj og syster til Seruja, mor til Joab.

26Israelittane og Absalom slo leir i Gilead.

27Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nakasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead.

28Dei kom med sengeutstyr, skåler og kjerald, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bauner, linser,

29honning, rjome, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tyrste i øydemarka.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.