2 Peter 3NO1978NN

1Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om

2det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.

3Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster.

4Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»

5Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn.

6Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd.

7Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.

8Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.

9Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.

10Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

11Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva,

12medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna.

13Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

14Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte.

15Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått.

16Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er nok somt der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og ustøe vrir på det; det same gjer dei òg med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.

17No veit de dette på førehand, mine kjære. Ta dykk difor i vare, så de ikkje fell ut or dykkar faste stand. Lat dykk ikkje riva med og føra vilt av menneske som ikkje har noko å halda seg til.

18De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han skal ha æra, no og i all æve! Amen.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Peter 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.