2 Peter 1NO1978NN

1Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd har fått den same dyre tru som vi.

2Nåde og fred vere med dykk i rikt mål gjennom kunnskapen om Gud og vår Herre Jesus!

3Då vi lærte han å kjenna som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han oss i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt.

4Dermed har han gjeve oss dei dyraste og største lovnader; ved dei skulle de få del i guddommeleg natur etter at de har sloppe bort frå oppløysinga i verda, den som kjem av lystene.

5Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn,

6skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd,

7den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik.

8For når alt dette finst hjå dykk og får veksa, då vert de ikkje yrkeslause eller utan frukt i kunnskapen om vår Herre Jesus Kristus.

9Men den som ikkje har dette, han er nærsynt, ja, blind; han har gløymt at han er reinsa for sine førre synder.

10Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast. For gjer de dette, skal de aldri falla.

11Då skal de få ein fri og open inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike.

12Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk.

13Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg er i denne lekams telt.

14For eg veit at det snart skal leggjast bort; det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita.

15Og det er om å gjera for meg at de alltid skal minnast dette, når eg er borte.

16For det var ikkje oppdikta eventyr vi fór med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde.

17For Gud Fader gav han ære og herlegdom den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

18Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen, då vi var saman med han på det heilage fjellet.

19Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand.

21For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Peter 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.